Bildeskjønn

– Mykje av våre dagars kulturformidling skjer gjennom bilde. Det er difor viktig at skulen øver elevane i å bruke og forstå bildespråket, meiner Vilborg S. Hovet. Forfattaren av Den illustrerte boka har mykje å lære bort om bildelitteratur. Jason er ein av favorittane.

Vilborg S. Hovet har skrive historia til den illustrerte skjønnlitteraturen i Noreg. © Merete Røsvik Granlund, Fabelaktig formidling
Vilborg S. Hovet har skrive historia til den illustrerte skjønnlitteraturen i Noreg. © Merete Røsvik Granlund, Fabelaktig formidling Merete Røsvik Granlund

– Eg ville fortelje noko av den historia som hittil har mangla i oversikten over norsk kunst og norsk litteratur, fortel Vilborg S. Hovet då eg møter henne på Litteraturhuset i Oslo. Den illustrerte boka (2011) tar for seg forholdet mellom ord og bilde i norsk, kunstnarillustrert skjønnlitteratur for vaksne.

Historia om bildebøker for barn finn i vi andre bøker, som Den norske biletboka (1993) av Tone Birkeland og Frøydis Storaas og Norsk barnelitteraturhistorie (1997) av Tone Birkeland, Gunvor Risa og Karin Beate Vold. Men illustrerte romanar, bilderomanar og teikneserieromanar for vaksne er det skrive lite om. At dette er tre typar litteratur der bildet står i ulik relasjon til teksten, har eg ikkje vore merksam på før, men etter møtet med Vilborg S. Hovet veit eg betre.

Forteljing utan ord

– Den grafiske romanen fortel gjennom bilda, og kan vere heilt utan ord. Eg brukar helst ordet «bilderoman», for grafisk tyder eigentleg alt som er trykt. Teikneserieroman er noko anna, den fortel gjennom seriar av ruter kor teksten vanlegvis er integrert. Men ein kan også finne blandingsformer. Desse bøkene har falle mellom to stolar, verken litteraturhistoria eller kunsthistoria har tatt dei alvorleg, fortel Hovet.

 

Norske_National_Dragter.jpg
Noregs første bilderoman? Eit oppslag frå Norske National Dragter (1827).

Dette er noko ho veit mykje om, for emnet har vore hobbyen hennar lenge før ho vart akademikar. Etter 20 år som norsklektor, kunsthistoriestudier, jobb som kulturjournalist i NRK TV og stilling som høgskulelektor ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, tok Hovet i 2006 doktorgraden på forholdet mellom ord og bilde i bokkunsten til Frøydis Haavardsholm. Så gjekk ho altså laus på historia om illustrert skjønnlitteratur i Noreg.

Will Eisner fekk æra for å ha skapt ein heilt ny sjanger.

I Den illustrerte boka startar forteljinga midt på 1200-talet med å presentere ei av dei første norske bøkene som framleis er bevart: Gamalnorsk homiliebok. Framstillinga sluttar ved årtusenskiftet med bøker av John Arne Sæterøy (Jason), Gerhard Stoltz, Kurt Johannessen og Fam Ekman. Det blir 800 år norsk bokhistorie, rikt illustrert med historisk bokkunst. Og fordi historia om litteraturen heng tett saman med historisk, religiøs, politisk, økonomisk og teknisk utvikling, er delar av denne historia også med. Dei færraste les slike praktverk frå perm til perm, men boka har eit nyttig person- og saksregister for oppslag.

Kva var den første bilderomanen?

– Den amerikanske serieskaparen Will Eisner fekk i 1978 æra for å ha skapt ein heilt ny sjanger då han gav ut bilderomanen A contract with God i USA. Han presenterte boka som ei blanding av litteratur, biletbok og teikneserie, og kalla sjangeren graphic novel. Boka inneheld fire noveller som er fortalt med teikningar, korte tekstremser og snakkebobler med kalligrafert tekst.

 

A_contract_with_God.jpg
Slik såg det ut i boka som namnga sjangeren grafisk roman, A Contract with God (1978) av Will Eisner. Her i norsk omsetjing.

– Eisner har fortalt at nemninga graphic novel var eit innfall, noko han kom på i all hast for å overtyde ein nølande forleggar om at det han hadde laga ikkje var ein vanleg teikneserie. Teikneserien sleit nemleg framleis med eit dårleg omdømme. Kanskje var det ikkje han som laga uttrykket, heller, for han meinte å hugse at han hadde høyrt det før. Boka vart omsett til norsk i 1986.

Roman skore i tre

– Men alt på 1900-talet hadde den belgisk fødde Frans Masereel og amerikanaren Lynd Ward laga kunstnarleg utførte bilderomanar, såkalla «woodcut novels». Dei skar bilde i tre og gav dei ut som romanar, ofte heilt eller nesten utan ord. Dei var også kjente i Noreg, og lenge før Den norske Bokklubben i 1979 gav ut Byen (De Stad) av Frans Masereel. Med 100 tresnitt skildrar Masereel ulike scenar frå ulike stadar og ulike miljø i ein by. Tresnitta vart samla og utgitt første gong i 1925. Presentasjonen mellom to permar knyter hendingane i enkeltbilda saman til ei forteljing, heilt utan ord.

Kva var den første norske bilderomanen?

– Det er ikkje så lett å seie sikkert. Ein muleg kandidat er Norske National Dragter frå Prahls Lithografiske Officin i Bergen (1827–1832). Det er seriar av handkolorerte litografi trykte i opplag på rundt 150.

– Då Pax forlag gav ut bilderomanane Prokon (1971) og Happybiff (1972) av den tysk-norske bok- og plakatkunstnaren Peter Haars, marknadsførte dei bøkene som teikneserieromanar. Her brukar forfattaren teikneserieklisjear til å sette kritisk søkelys på forbrukarsamfunnet. Han vil ha lesaren til å reflektere, og bruker element frå popkunsten og reklamespråket for å oppnå kontakt, og slik etablere eit utgangspunkt for ironi.

 

12.27_150.jpg
Teikneserieklisjear mot forbrukarsamfunnet. Bokomslag frå 1971. © Peter Haars, Pax forlag.

Litteratur med teikningar til har lenge blitt oppfatta som mest for barn?

– Det stemmer. Mottakinga av Fam Ekmans bilderoman Kyss katta i 1977 er eit døme på det. Cappelen visste ikkje heilt kva dei skulle gjere med boka, og plasserte ho blant bildebøker for barn. Men hovudpersonen er ein mann i 40-åra som mistrivst i livet, og historia er uttrykt i «vaksenspråk». Oftast er kvar side ei scene eller ei «rute», men nokre av boksidene er også delt inn i mindre ruter, som vanleg i teikneseriar, og vi finn både snakkebobler og andre typiske trekk frå teikneseriespråket.

 

Fam_Ekman.png
Illustrasjonen er frå boka Kyss katta (1977) av Fam Ekman. © Fam Ekman, Cappelen Damm

Bilde krev også tolking

Hovet er oppteken av at born og unge må få god kompetanse til skjøne bildespråk fordi vi i dag lever i ein visuell kultur.

– Vi orienterer oss ved hjelp av bilde, vi kommuniserer med bilde og mykje av våre dagars kulturformidling skjer gjennom bilde. Men ferdigheiter og kunnskap i å forstå og å kommunisere med bilde, må lærast. Akkurat som med morsmålet, føregår mykje av denne læringa automatisk, og skuleelevar har allsidig erfaring med bildekulturen. Men medan trykkekunsten gjorde at det var mindre sjanse for at kopien inneheldt feil, så er nettopp manipulering av tekst og bilde den største faren ved reproduksjon med moderne teknologi. Det er også ein grunn til at skolen må ta opplæring i bildespråket alvorleg. Bildespråket har dessutan ei historie. Den bør ein lærar vite litt om. Og om forholdet mellom bilde og verbal tekst, det er eit samspel vi må øve oss i å tolke.

Skolen må ta opplæring i bildespråket alvorleg.

Kven er den fremste representanten for bildelitteratur i Noreg i dag?

– Lene Ask har dei siste åra markert seg blant dei beste. Ein god kandidat er også teikneserieskaparen John Arne Sæterøy, som i oktober fekk Grafills Klassikarpris. Sæterøy er mest kjent under kunstnarnamnet Jason. Seriane hans er i dag omsette til ni språk og blir gitt ut i 15 land.

– Sæterøy debuterte i 1981, men suksessen kom først etter tusenårsskiftet. Den illustrerte boka går jo berre til år 2000, så den viktigaste produksjonen til Sæterøy er ikkje komen med. Men teikneserieromanen Lomma full av regn (1995) skriv eg om. Romanen er eit hefte på litt under 50 sider i A4-format, trykt i svart-kvitt. Romanen selde så dårleg at Sæterøy heldt på å gi opp å leve av å skape seriar. Heldigvis gav han ikkje opp, og han utvikla dei spesielle dyrefigurane som han seinare har gjort så stor lykke med, avsluttar Vilborg Hovet.

Frimerke_illustrert_av_Jason..jpeg
Jasons velkjende fugl, no også på frimerke. © John Arne Sæterøy (Jason)

Les også intervju med John Arne Sæterøy (Jason) i nettidsskriftet Empirix.