Frå puls til poesi

Både lærarar og medelevar hadde gitt opp eleven. Så vann han Taro Vestøl Coopers poesislam-kamp. Med eit dirrande lidenskapeleg dikt om å mobbe og fryse ut ein homofil.

Taro Vestøl Cooper inspirerer elevar til å uttrykke seg gjennom poesislam.
Taro Vestøl Cooper inspirerer elevar til å uttrykke seg gjennom poesislam. Mette Karlsvik

Kl. 08.05: På pulten lengst bak sit eit par føter. Nei, der sit ein fjortenåring. Han har capsen att fram og ei avvisande mine, og fnys av gjestelærar Taro Vestøl Cooper. Poesi? Skal dei skrive dikt?

– Dikt er kjærleik. Kjærleiken er i lyd.

– Kva lyd?

– Lyden av dykk sjølve!

Fortel om dykk sjølv! Kven er de, kva vil de, kor vil de reise, flytte? Kva har de på dykk, kva vil de bli når de blir store? Og kva får dykk til å grine, le, hytte med neven, hyle, bli forelska?

Før dagen er omme, har guten på bakerste benk skrive dikt. Han har vunne klassens opplesingskonkurranse, og kjem vidare til skulemeisterskapet i poesislam. Taro Vestøl Cooper gjennomfører nemleg det same opplegget i alle klassar på heile skulen, og avsluttar med finale med delvinnarane i aulaen. Capsguten har skrive eit nytt dikt for finalen. Det handlar om ein homofil gut, ein som blei mobba, og som bytta skule. Lærarar og elevar blir stumme. Dei kan høyre ei knappenål falle. Og då, når dei trur det ikkje kan bli sterkare, snur rapparen på det heile. Fjortenåringen sluttar å skildre den mobba guten. Han skildrar publikum, seier: Kva om det var deg!

– Han sette heile skulen til veggs. Særleg læraren hans. Han ante ikkje at guten kunne skrive.

Hjarte for ungdom

Taro Vestøl Cooper venta på meg på trappa av Majorstuhuset. Han sat i lag med ei ung jente. Eg trudde han hadde med ei venninne. Men nei, det var nokon frå ein Elixia-stand, som kom i snakk med han. Dei tok kvarandre i handa, sa namna sine, før Cooper og eg gjekk til ein kafé. No fortel han om månadane og åra på tur mellom skular i Noreg, som ein misjonær på slampoesiens vegner, til hjelp for mange ungdom som elles ikkje fann plassen sin i skuleverket.

– Alle der har lært noko om skriveteknikk. Men den vanskelege biten er å få dei i gong. Å få dei til å skjønne at dei har noko dei vil seie. Og at dei vil seie det. Med ein gong ein har fått aktivert dette, så går skrivinga av seg sjølv.

Det var då Cooper drog fram desibelmålaren, at guten med caps fekk føtene ned frå pulten og tok til å følgje med. Cooper var sjølv ein krevjande elev, ein som lett kjeda seg av den vanlege undervisninga. Fødd i New York, oppvaksen på Kampen, og med eit hjarte som banka for fotball. Men han utdanna seg til skodespelar ved Nordic Black XPress og jobbar frilans som skodespelar, slampoet, arrangør av poesislam på nasjonale scener og på skular. Einmannsføretaket hans går så godt at Cooper må takke nei til oppdrag. Han har også takka nei fordi han tar seg heilt og fullt ut når han er i klasserommet. Målet hans med første skuletime er å lage så mykje lyd at rektor kjem på døra. Med å sjølv lage lyd, får han lyd i elevane:

Poesi er kjærleik, kjærleik er lyd

– Poesi er ikkje berre dei gamle, litterære gubbane. Det er også rap og sang, seier Cooper, og bruker seg sjølv som døme. Han rappeproklamerer eit dikt på direkten. Og seier så at poesi er kjærleik, at alle poetar treng kjærleik. – Og for oss, seier Cooper, er kjærleik lyd. Klarar de å bråke? Klarar vi å få rektor på døra?

– Ja, klarar dei det?

– Det pleier iallfall å få lyd i elevane, og få aktivitet – og kjærleik – i gong. Det bryt ned barrieren mellom meg og dei, mellom «læraren» og dei. Dette er den viktigaste jobben eg gjer. Det skrivetekniske er ikkje så viktig, meiner Cooper, som genererar så mykje lyd i klasseromma, at han måtte ta eit oppgjer med seg sjølv. Etter tre månadar på strekk på turné, lova han seg sjølv å alltid legge inn pausar. Sjølv han, ein senete og godt trimma klatrekropp, har ei grense.

– Eg blir stein sliten av å halde på i slikt eit kjør, i stadig nye klasserom. Så no takkar eg oftare nei, seier frilansaren, som også har andre ting han vil ha tid til, som skodespelet, skrivinga, poesislamarrangement, å vere leirleiar.

Ja, du kan

Cooper byrja karrieren som skrivekurshaldar i lag med forfattar og slamkollega Guro Sibeko. Då Sibeko blei lærar på fulltid, heldt Cooper fram aleine. Han jobbar helst med dei noko eldre elevane.

– Det er veldig mykje som skjer med ungdommane frå dei er tretten–fjorten, til dei er seksten.

– Kva kan du gi, som dei ikkje får frå den andre undervisninga?

– Det som gjer meg så frustrert over skuleverket, er at det er så mykje pugging, og like tenking. Ein lærer årstal for krigar. Men ikkje kvifor det blei krig. Eg ønskjer å opne opp for elevane sine tankar.

«Kan eg verkeleg skrive det?» er eit vanleg spørsmål som Cooper får, når han er i klasseromma. Der ute i verda spør ein, om poesislam: «Kan ein verkeleg konkurrere i poesi?»

– Kan ein setje karakter på eit dikt, ein toer, ein seksar? Det er eit tveegga sverd, dette med konkurranseaspektet. Det gjer det meir publikumsvennleg, sier Cooper.

– Guten med capsen og mobbediktet, og dei andre som du har fått til å hente fram skrivaren i seg: Kor viktig vil du seie at slam - aspektet ved undervisninga er?

– Slammaren må møte publikum på halvvegen. Han kan ikkje berre gøyme seg bak ei bok eller eit ark. Han må strekkje seg etter dei, og skape dette rommet som er så fint.

vibekes_tarobilde.jpg
Taro Vestøl Cooper i aksjon som slammar. Foto: Vibeke Røgler

Unorsk

Slammiljøet i Noreg er lite, sett i forhold til store slam-land som Frankrike, Storbritannia og store deler av Nord - og Sør - Amerika. Paris har hatt VM i fleire år. Når slammarar frå heile verda blir samla i dei same romma, er ulikskapane mellom miljøa meir tydelege. I Paris er det kampar i poesi nesten kvar kveld. Det blir drive av alle slags poetar, i alle aldrar. I det afrikanske landet Gabon, derimot, har det blitt ein sport for dei yngre. Vaksne poetar held seg unna fordi dei forbind slam med rap.

Eg var sjølv med på ein delfinale i Bergen i 2006, og las meir tradisjonell poesi. Med det kom eg til ein landsdelsfinale i Stavanger. Men berre år seinare stod eg igjen på scena, med stillferdige og opne dikt, og vart knapt høyrt blandt purunge, slagkraftige rapparar. Korleis vil Cooper definere norsk poesislam no: Er det poesi i vidare forstand, eller mest for rapparar og rappefans? Han svarar med å skildre den skandinaviske meisteren frå i fjor, Tobias Erehed:

– Han høyrdest ut som at han skulle sovne på scena. Men han kommenterer, undervegs, på sin eigen introverte måte. Det finst ingen fasit.

Det finst ingen fasit i poesislam

Også Cooper har vore i VM i Paris. Han vart særleg inspirert av ein brasiliansk og ein kanadisk utøvar, og fekk ikkje med seg alt innhaldet i det portigusiske til brasilianaren. Men:

– Lidskapen blir viktigare enn det andre. Han slapp berre mikrofonen og alt det andre, og tok det ut av alle proposjonar.

– Kvifor er det viktig for deg å ta med dette energinivået til skulen?

– Kvar gong eg er innom ein skule, hugsar eg min eigen skuletid. Off. Det var så lærarstyrt. Geniale, flotte, viktige lærarar hadde eg. Men elevar blir ikkje høyrd på. Det er viktig å mane fram det som er i dei. Vil ikkje alle skrike litt iblant?

Inkluderande?

Petter Dass-sentret introduserte Cooper og slampoesi slik: «En ny form for fremføring av dikt, som minner om hip hop og rap. Kontakten mellom oppleser og publikum er det vesentligste. Kamppoesi skal engasjere, more og røre publikum. Når salen roper eller vrir seg i latter - da har en kamppoet lykkes!»

Men kva med dei som ikkje vil skrike - nokon gong? Kva med dei som naturleg er stille, forsiktige, introverte, flinkast til å gjere som fortalt, eller dei som ikkje er artige eller musikalske, men som har poesien i seg på andre måtar: Er det plass til dei også, innanfor rammene av tre minutt med lydnivå som parameter på popularitet?

– Eg vil mane fram det genuine ved kvar enkelt. Det ender ofte med at eg sitt framfor einskilde elevar, ved pulten, for å få dei igong.

Attende til Coopers skulevitjing. Dei fleste elevane sitt over arka, og skriv dikt for opplesing. Men ikkje alle. Nokre har for mykje ir i kroppen. Andre veit berre ikkje kor dei skal byrje. I dag er det ikkje så mange som står fast. Cooper sett seg ned ved dei. Ei jente spør: Kva skal eg skrive om?

– Skriv om deg sjølv!

– Kva skal eg skrive om?

– Kva liker du?

– Fotball!

– Skriv om fotball.

– Kva då om fotball?

– Kva liker du med fotball?

– Publikum, kanskje.

– Skriv om publikum!

Jenta er i gong. Cooper seier dei andre: De må ikkje skrive om Syria eller valdtekt. De skal få gjere som dei vil med tekst. Dei kan skrive stygt, kan skrive som dei snakkar, det er ingen som skal lese det de skriv.

På Youtube kan de sjå Taro i aksjon: