Heimebane på skulen

Var det ikkje for kunstnarstipendet arbeidde Odd Nordstoga som lærar i dag.

I klasserommet kan du verkeleg gjera ein forskjell, seier Odd Nordstoga om læraryrket.
I klasserommet kan du verkeleg gjera ein forskjell, seier Odd Nordstoga om læraryrket. Mette Karlsvik

– Skulen har vore ein heimebane.

Men elles har Odd Nordstoga kjent seg litt som ein framand fugl overalt. Også her, på restaurant på Grünerløkka i Oslo. Eller Lykkja, som han seier. Nordstoga er fødd inn i ei slekt av språkfolk, formidlarar, tradisjonsbærarar, lærarar. Oldefar var Johan Bojer, og skriv i den sjølvbiografiske romanen Læregutt:

«Jeg lærte å lese av kvinnfolkene i huset, mens jeg satt på en lav skammel og de arbeidde med saum eller binding. Det var en hane bakerst i ABC-boka og de sa at han ville gale for meg når jeg hadde stavet meg fram til siste bladet, og da var det om å drive på. En vakker dag skulle jeg jo også få følge med de andre ungene på skolen, og det måtte bli store ting.

Og endelig kom dagen.»

Unge Bojer kjem til skulen, leser «uten å stave eller stamme, det går virkelig bra.» Han trivst på skulen. Barnebarnet til Bojer klarar óg skule godt. Ho tar realskule, artium på Katedralskulen, utdannar seg til lærar, og flyttar til Plassen i Vinje med ektemannen Olav Nordstoga i 1971. I 1972 føder ho sitt fjerde barn, Odd Nordstoga.

– Kor mykje av skulen tok foreldra dine med seg heim?

– Mor mi har alltid vore veldig mykje engasjert i det ho driv med. Ho var engasjert i det å vere lærar. Det var ikkje mykje strengt skilje mellom heim og skule. Det kan vere difor eg kjente meg på heimebane på skulen.

Det kan óg vere at Odd Nordstoga liker skuler, katetre, tavlar, den tydelege skrifta på tavla, å bli peikt i retning av dei gode kunnskapene.

Meistring

Odd har knapt byrja skulen når han får prøve søskenbarn Irjas trekkspel. Han klarar straks ompa ompa på bassen. Når han er åtte år gamal og musikkskulen blir opna i Vinje, vel han trekkspel. Han sit i einerom med læraren, Erling Moen, og terpar.

– Eg tok trekkspelet utruleg lett, og fauk forbi alle dei andre. Men eg mangla motivasjonen til å halde fram med det. Eg øvde då eg måtte, men då det blei sommarferie gjorde eg det ikkje. Det var ikkje så artig.

Men så samlast kulturskuleelevane til Vinje Junior Spelemannslag. Diktaren og folkemusikaren Stein Versto instruerer. Den unge mannen liker også moderne musikk.

All kunst må korrespondere med noko i deg sjølv, og samtidig nå folk utanfor.

– I eit hav av Til Elise og så vidare kom Stein med noko anna. Han kjente til moderne musikkuttrykk. The Beatles og slikt. Innimellom reinlendarar og vals og hardingfele og gamaldansstuff blanda han inn det nyare. Han var ein liten peisblåsar som blåste på gløden i gryande ungdommar. Det har vist seg for min del å ha vore avgjerande.

– Er det kva som er å vere ein god lærar?

– Ein god lærar dyrkar fram mennesket i staden for å måle menneske. Det er nokre usympatiske trekk i målhysteriet i skulen no. Det dei lærer og måten dei lærer… I staden for å lese flotte tekstar som fengslar deg, i staden for å reklamere for den bra litteraturen, så skal eleven vise at han las 82 ord i minuttet. Dei meiner at det ikkje er så farleg kva ein les, berre dei har leseferdigheiter.

– Meiner du at det er viktig kva ungane les fordi god tekst vil gi dei ein naturleg motivasjon for å lære endå betre å lese?

– Ein må peike på dei rette tinga når ein skal formidle norsk. Ja, du må skape glede og peike på kva det handlar om og ikkje redusere det.

Folkehøgskulen

– Du gjekk Voss folkehøgskule. Du har i fleire samanhengar dratt fram dette som eit år som var viktig for sjølvtilliten. Kvifor blei det det?

– På folkehøgskule blir ein dyrka. Ein blir fortalt at akkurat du, du er spesiell. Eg meiner at det er sunt. Det blir ei bobletilvere. Der inne kan ein vere verdas beste vokalist. Det blei ikkje noko slaraffenliv. Vi gjorde ting heile tida. Band, gitar og synging.

– Hadde du ei god erfaring fordi du allereie var flink til det du dreiv med?

– Eg var i mitt ess det året. Eg beherska den sosiale konteksten. Alt som ikkje hadde vore positivt før vart bra. Dialekta mi var tommel opp. Trekkspel var tommel opp. Eg heiar veldig mykje på folkehøgskuletanken. Særleg no, då alt har blitt stramt og strengt og ungdomsskulen liknar meir på gymnaset. På folkehøgskulen skal du drive med det som du er best til. Fotografere, spele gitar? Det er heilt genialt eigentleg.

– Var det ein udelt positiv erfaring?

– Eg får alltid eit ambivalent forhold til det som eg sjølv veljer. På folkehøgskulen var eg óg litt i opposisjon. Eg var litt ambivalent til «lilla skjerf».

– Korleis gjekk det med denne ambivalensen då du byrja befalskulen?

– Det var ein stor kontrast. Livet endra seg frå å bli heia på til å bli hundsa på. Ganske lenge holdt eg på rufsete sveis. Men til slutt gav også eg etter og stilte med pinnkort hår og berett. Eg vaks på å vere i det militære, som vel er heile ideen med det.

– Kvifor valde du befalskulen?

– Far min hadde gått der. Det hadde nok litt med det å gjere. Mange sa at når ein først er i militære så kan ein like gjerne utdanne seg. Eg likte meg etterkvart godt. Det var bra miljø der også. Eg er god til å hamne i gode miljø.

Nordstoga tvisyn (høgd).jpg
Det eg driv med er kunstnariske prosessar. Det å prøve å gripe noko som ein ikkje får heilt tak på. Foto: Mette Karlsvik

– Er du óg god til å bidra til at miljøa blir gode?

– Eg trur ikkje at eg var den verste, nei. Det blir gjerne ei oppleving der eg har vore om at akkurat vi er kremen av norsk ungdom. Det er vi veldig overtydde om sjølv om det ikkje stemmer.

– På lærarskulen starta du band med andre i klassen.

– Eg var ikkje på rett plass på lærarskulen. Eg veit ikkje heilt kvifor eg drog dit. Det var ei slags reserveløysing fordi eg ikkje var god nok til å søkje på konservatoriet. Ein kamerat frå gymnaset sa til oss at han kunne tenkje seg å bli lærar fordi han trivdest på skulen. Eg trivdest på skulen og var god på skulen. Eg likte kateteret, undervisning, skjønte kva som stod der. Det var nok litt derfor.

– Kva er dei beste erfaringane du hadde som lærar?

–  Det å vere lærar var, slik eg hugsar, veldig intenst. Men det som var fantastisk med det, og som gjer yrket til eit veldig flott yrke, var for min del at ein fekk så veldig løn for strevet. Plutseleg utpå våren kjende barna deg så godt og du kjende dei så godt at du fekk eit veldig nært forhold til dei. Du blei glad i dei. Kvar og ein. Du hadde strevd i musikken heile vinteren for å få ro nok til å lære dei Tippe Tippe Tuve. Så kom våren og det funka. Og du merka at dei blei så glade for det dei også. Så hadde ein noko flott å vise foreldra i form av eit musikkstykke som heile klassa var med på, og som svinga. Eg hugsar eg blei veldig audmjuk av den tilliten eg etterkvart fekk ifrå barna. At dei kom til meg med ting og at du sjølv også etterkvart kunne vere deg sjølv og at dei forsto og det funka. Det vart venskap og tillit og respekt ut av relasjonen. Det trur eg er det finaste med å vere lærar. I klasserommet kan du verkeleg gjera det som Jens Stoltenberg kallar - ein forskjell. 

Kunst – stipend – meir kunst

I 1997 får Nordstoga Statens kunstnerstipend som musikar. Rundt 140 000 kroner som blei betalt ut i tolv månadlege ratar.

– Eg fekk stipendet på eit rett tidspunkt. Eg var 25 år, og det var ein heilt rett alder å få dette stipendet. Eg blei vippa inn i frilanstilveret. Eg hadde veldig sjølvtillit men var samtidig utan mykje sjølvtillit.

– Ein komité såg deg og tenkte at du er verdt å satse på.

– Nettopp. Men det tok tid. Eg begynte å lage låtar allereie på folkehøgskulen, men slo ikkje gjennom før tolv år etterpå. Eg var fan av Radiohead på den tida. Musikken eg prøvde å lage stod liksom ikkje til meg så godt. Umogen, rett og slett. Og eg var nok litt overflatisk. Tenkte at det skulle vere eit rart refreng. Det heng ikkje heilt saman.. No veit eg at det er om å få til ei utvekling innanfor det som ei låt har vore i hundrevis av år. Uttrykket skal byggje ei bru til den som høyrer på. All kunst må korrespondere med noko i deg sjølv, og samtidig nå folk utanfor.

– Kva gjorde du rett som gjorde at du slo gjennom?

– Det gjeld å seie noko som passar med denne figuren her. I tillegg må det vere artig å høyre på. Og så treng ein ikkje putte alt i ei låt.

– Du eksperimenterte i mange år før du fann forma di. Hadde du kunstnarstipend heile tida medan du bygde opp kunstnarskapen din?

– Nei, ikkje det stipendet. Eg er jo av dei heldige som har tent godt på billettar og platesal og opphavsrettar. Men i Noreg så er me jo alle litt støtta meir eller mindre indirekte. Noreg er eit lite land og ein liten marknad. Tono får inn ein del på på meg. Så det har vore meir rett å få stipend og stønad derfrå.

– Var stipendet grunnen til at du satsa på å bli kunstnar?

– Det er nok ikkje berre stipendet som gjer at eg har kommet dit eg er i dag, sjølv om det var akkurat på rett tid for å vippe meg over. Det er noko i meg óg. Eg har også sett at folk i slekta mi levde av å vere kunstnar. Bestemor mi var jo kunstnarbarn. Grandtanta mi var gift med Dyre Vaa. Det å vere kunstnar er ikkje noko framand eller glamorøst. At det ikkje er glamorøst er viktig å få fram. Perspektivet på livet er óg viktig. Bestemor mi var veldig oppteken av det andelege. Ho spente ein høg himmel over møta sine med menneske. Ho sette verdi på å synge, på å drive med musikk. Staden eg kjem frå er óg viktig. Det er har vore små kår. Mange er fleirsyslarar. Kunsten og estetikken har hatt ei sterk rolle i kulturen. Folk var ikkje rike, men dei kunne gjere det vakkert rundt seg med rosemåling, lauparar, broderingar og utskjæringar.

– Draumte du då du var barn om å bli kunstnar?

– Eg har alltid kalla meg musikant. Det har liksom gitt meg ei rolle. Då er eg han som speler. Det er ein rolle i samfunnet. Men eg ser jo at det eg driv med er kunstnariske prosessar. Det å prøve å gripe noko som ein ikkje får heilt tak på.

– Og kanskje å alltid stille seg litt utanfor, som ein framand, til verda og menneska?

– Det kjem låtar frå slikt.

21. april 2017