Litteraturens «Ti i skuddet»

Ti bøker i tida, til tiandeklassingen.

Illustrasjonen er eit utsnitt av omslaget på Ingelin Røsslands roman Engleslakt.
Illustrasjonen er eit utsnitt av omslaget på Ingelin Røsslands roman Engleslakt. Det Norske Samlaget

Det er éin ting å finne bøkene som gjer elevane klokare. Men kva bøker aukar sensitiviteten deira, gir nyansar, eller innbyr til nye fellesskap? Og til kva fag og tema kan du knytte bøkene? Her er ti bøker og forfattarskap som kan bli viktig vidare i 2015. Men først: Kva betyr «viktige bøker»?

Bli helt!

BU er ein skriftserie om barne - og ungdomslitteratur. Redaktørane, forfattarane Helga G. Eriksen og Hilde Kvalvaag, skriv på leiarplass: «Les! Bli eit endå betre menneske!» Kva betyr det for ulike alderstrinn å bli betre? Forfattar Maria Parr skriv i eit essay i BU: «Barnelesaren går til litteraturen etter ein helt. Om den litterære helten er jente eller gut er mindre viktig. Barnelesaren er først og fremst barn, dernest gut eller jente.»

Maria Parr fann sjølv ein helt i David, frå historia om David og Goliat. I Teikneseriebibelen, der var David som gjorde rett og godt som gut. Som vaksen mann endra han seg, og viste feil og manglar. Parr kunne aldri gå tilbake til den plettfri Frøken Detektiv. Allereie som barn vart ho ein lesar av ungdomsbøker. Og ungdommar, skriv Parr i essayet sitt, ungdommar må ikkje ha bøker med lykkeleg slutt. Dei les for å lære nytt. Dette underbygger ein samtidig trend med dystopisk ungdomslitteratur.

1. Marit Kaldhols Zweet

Kortprosa og punktromanar går rett heim hos bloggegenerasjonen. Det viser suksessen med fraksjonsprosaiske bøker som Linn Stømsborgs Roskilde, Rune F. Hjemås´ kortprosabok Eg er ikkje redd. Eg er ikkje redd, og Linnea Myhres Kjære og Evig søndag. Punktroman er, som namnet seier, romanar skrive som ei samling kortprosa. Tekstane er kortare enn noveller, og utan same sett av sjangerreglar. Korprosa kan ha meir tilfelles med lyrikk enn prosa. Når dei står ilag, og blir ei forteljing, kallar vi det punktroman. Og som andre romanar, stimulerer dei lange tankar. Ein kan òg velje å lese ein tekst om dagen, og likevel vere i det same universet over tid. Kaldhols univers er gjenkjennbare for ungdom. Den kritikarroste punktromanen Søkeord: Ayotzintli var sett i spenninga mellom sosiale medium og eit lite lokalsamfunn.

Zweet.jpg

Den nye punktromanen hennar, Zweet kjem på Samlaget i vår, og er sett på ein ungdomsskule. Alarmen går på grunn av ein livsfarleg gasslekkasje. Ein ungdom manglar: Lill Miriam. Vi følgjer hendingane frå tre synspunkt: Lill Miriams, Rubens, som er ny i landet og på leit etter ein ven, og Susans. Ho har ein vond løyndom ho ikkje klarer å gløyme. Boka er skrive frå ungdommars augehøgd. Boka kan vere ein god ven til den rette ungdomsskuleeleven. I og med den litterære kvaliteten, egnar ho seg i norskfaget.

2. Jenny Jägerfelds Jeg er så jævla easy going

Jeg er så jævla easy going følgjer ikkje ein mal med heltar og skurkar. Jägerfelds ”Joanna” har diagnosen ADHD, men tar ikkje alltid medisinen sin. Ho tener pengane sine på å selgje kondom som er gått ut på dato. Pengane strekker ikkje til. Og det å vere forelska i Audrey er ikkje så lett. Joannas hjerne blir, som formulert av forlaget, som eit tivoli i høgsesongen. Ein analog twitter. Bruk boka for å få i gong hjarte-til-hjarte-prat med elevane dine!

3. Anna Höglunds Dette snakker man bare med kaniner om

Ungdommar får ei god biletbok denne våren. Dette snakker man bare med kaniner om er klok og autentisk, søt og trist. Den griper også vaksne, og har blitt eit fenomen i Sverige. Omsetjinga er gjort av den kritikarroste forfattaren Gunstein Bakke. Måten boka kombinerer tekst og bilde kan vere eit grunnlag for ein spennande time i forming eller mediefag – om formidling med tekst og bilde.

Dette_snakker_man.jpg

4. Grimms Hans og Grete

Brørne Grimms samla eventyr kom ganske nyleg ut att. Den nye utgåva oppmoda til gjenlesing av Hans og Grete. Eg las boka som barn, og vart vettskremt. Eg las ho igjen som vaksen, og tenkte at dette var vaksenlitteratur, og ikkje for barn. Men kan det hende at ho er best for dei imellom, for menneske på terskelen til vaksenlivet?

Hans og Grete står på dørterskelen, krossar, og går inn i den djupe skogen. Lesaren opplever deira angst, og gjennomlever sin eigen, djupaste angst. Frykta for å gå seg vill. Frykta for den vonde forelderen. Ideen om at vi kanskje er førde bak lyset. Ikkje berre av stemor, men også av den biologiske far, som lar seg forføre av stemor.

Forteljinga følgjer den klassiske formelen «heim - ute - heim». Formelen finns i folkeeventyr frå Noreg og Danmark også, og frå enno tidlegare, frå sign og urforteljingar, og snart frå alt som kjem frå Hollywood. Ein finn arketypane og dramaturgien i dataspel og TV-seriar. Så kvifor også oppsøkje dette i bøker, når det blir pressa på frå så mange hald?

Fordi det er ei urdrift? Det trur dei amerikanske litteraturteoretikarane William Faugler og Mac Key. Forteljing gjer sjølv dei tyngste hendingane mulege å fatte. Dét viser også dei nominerte bøkene til ungdommens eigen litteraturpris, Uprisen:

Upris-bøkene

Uprisen blir kvart år delt ut av Foreningen !Les. Nominasjonen og vurderinga skjer av åttandeklassingar. Norsk Litteraturfestival på Lillehammer er tid og stad for offentleggjering av prisen. I år er «politikk og dystopi» nøkkelord for alle dei fem nominerte: Soledad av Tor Arve Røssland, 1957 av Jon Ewo, De som ikke finnes av Simon Stranger, I morgen er alt mørkt av Sigbjørn Mostue og Blodspor i Klondike av Johan B. Mjønes. Eg har sett nærmare på to av desse:

5. Tor Arve Røsslands Soledad

Tor Arve Røssland (f. 1971) er ein gjengangar i Upris-samanheng. To av dei tre bøkene han skreiv om Svarte-Mathilda var nominerte tidlegare. Soledad er, som dei andre av årets Upris-nominerte, ei mørk bok. Fjortenåringen Soledad bur på ei øy, med far sin og naboar. Ein morgon er faren, vennene hennar og dei andre som budde på øya vekke. Soledad sørgjer. Men ho kan ikkje gå langt inn i sorga. Først må ho bli trygg. Så overleve. Så kan ho koste på seg å sakne.

Soledad.jpg

6. Simon Strangers De som ikke finnes

Han jobbar i forlag som gir ut bøker for barn og unge, og er sjølv forfattar for både vaksne, barn og ungdom, i sakprosa og skjønnlitteratur: Simon Stranger (f. 1978) er ein mangfaldig og modig forfattar. Han fekk mykje merksemd for vaksenromanen Mnem (2008); ei bok som ville vere «alt». Ho er både bildebok og vaksenroman, essay og skjønnlitteratur. Som ungdomsbokforfattar er Stranger kjent for å ta føre seg viktige tema, med politiske bodskap. De som ikke finnes avsluttar ein triologi som inkluderer Barshakh (2009) og Verdensredderne (2012). Dei handlar den norske tenåringsjenta Emilie, og den afrikanske flyktningen Samuel. I den siste boka blir Emilie sett til veggs, nesten heilt konkret: Kva gjer ho når Samuel plutseleg står utanfor heimen hennar i Bærum?

7. Lars Mæhles Den mørke porten

Lars Mæhle er forfattaren som kan få ein fjortis hekta på vaksen-pop. Wilco, bandet med dei trauste familieverdi-tekstane, blir sexy i Mæhles Fuck off, I love you. No får Mæhle ungdommar hekta på klimaspørsmål. I ei bok som kjem hausten 2015, tar han opp spørsmålet: Kvifor er så få ungdommar verkeleg engasjerte i klima?

8. Bjarne Agdestein, Ronald Kabiček og Endre Skandfers Krüger & Krogh

Viss det må ein teikneserie til for å få eleven til å lese forteljingar, gi henne Krüger & Krogh – Brennpunkt Oslo. Dette er det første bandet av ein norsk rekkje teikneseriealbum. Det kjem etter nesten ti år med arbeid, og er usedvanleg grundig gjennomførd. Det gjeld både forteljinga, teikninga og det historiske grunnlagsmaterialet. Historia er henta frå etterretningstema, og er sett I Oslo på sekstitalet. Spennande, fengande og i godt handtverk.

Brennpunkt_Oslo.jpg

9. Ingelin Røsslands bøker om Engel Winge

Ingelin Røssland var berre 22 då ho debuterte som ungdomsbokforfattar. Som nyutdanna journalist fortsette ho å skrive bøker, og viste seg som ein god forteljar for ungdommar. Ho vann ei rekke prisar for fjerdeboka Handgranateple, og har fått mykje merksemd også for trilogien om Engel Winge, Queen of fucking everything. Røssland, som satt i Norsk Barne – og Ungdomsbokforfattarar sitt litterære rådgjevande organ, skjønte nok tidleg kva mange unge lesarar ser etter: protagonistar som ikkje berre er heltar og som det er tak i. Men heltar som er ekte menneske.

Ungdommens kritikerpris

Apropos flukt og forflytning av folk, på tvers av grensar: Då den irakiske fribyforfattaren i Stavanger, Manal El-Sheikh, oppsummerte ungdomsåra sine, hugsa ho helst vaksenbøker. Det var då ho fekk lov til å lese bøkene meint for vaksne, at leselysten blei tent for alvor. Også difor vil eg dra fram ei av bøkene som vidaregåandeelevar no skal lese, og som kan få Ungdommens kritikerpris:

10. Kjersti Wøien Haalands Dommedøgn  

Dystopi-glade ungdommar kan like Dommedøgn fordi ho har ein mørk tematikk, men ei tilgjengeleg form. Wøien Haaland skreiv denne andre boka si, den første romanen sin, då ho gjekk på filmskule. På pensum stod dramaturgi og karakteroppbygging, spenningsvekting og dialog. I alle fall om ein skal dømme ut frå romanen.

13. mars 2015