Teaterrom med takhøgde

Propellen Teater viser at barneteater er meir enn Karlsson på taket.

Frå barneframsyninga Om bare Rosa kunne trylle
Frå barneframsyninga Om bare Rosa kunne trylle Propellen

Eivind Haugland oppmodar ei tenåringsjente om å gå på danseframsyningar. Scenekunst i form av dans er ikkje greia for henne. Men under festivalen «Dette er scenekunst for barn og unge», får ho sjå kva scenekunst kan vere, og at musikkteater kan vere meir enn «musicals» på Disney Channel.

Ein laurdagskveld i slutten av august går ho til Verdstedshallen ved hamna i Trondheim, og ser Café Ed Sanders med dansetruppen «De Dansers». Fem dansarar og tre musikarar, alle åtte unge vaksne, lagar dans som er på grensa til akrobatikk; eit møte mellom kroppslydar, dans, nysirkus og rytmisk musikk. Eit avbrekk i ein mediekvardag som er metta av inntrykk.

At barn og unge veks opp som så aktive mediebrukarar, gjer at dei vil relatere også meir høgverdige kulturuttrykk til det dei får gjennom skjermar, frå TV og internett. Interaktivitet, og det å vere i rommet med kunstnarane, det vil stå som ein sterk kontrast til den vanlege mediekvardagen. Dette er noko av det som ein har sett på gjennom tre år med seminar, forskning, prøvelesing og prat om scenekunst for barn og unge var verdt det. Men er det framleis naudsynt å lage teater særskilt for barn og unge?

Tre år med fokus på barn og unge

– Eg trur at vi fekk til å setje barne - og ungdomsteater meir på kartet med festivalen, seier leiar for Propellen Teater, Eivind Haugland. Han er trøytt, men nøgd etter intense dagar med tekst-laboratorier for «unge stemmer, nye historier», seminar for vaksne om barneteater, og ikkje minst ein line-up utan sidestykke i norsk teaterhistorie av scenekunst for barn og ungdom: Ut av det blå, Om bare Rosa kunne trylle, Morten 11 år og nemnte «De Dansers». Dette var berre nokre av framsyningane sett opp i Verdal og Trondheim i august 2014.

 

Propellen_016.jpg
Frå framsyninga Ut av det blå, frå Dette er scenekunst for barn og unge. Foto: Propellen

Propellens satsing på barneteater har bakgrunn i at Noreg var dårlegast i barneteaterklassa. Mens svenskane, til dømes, produserte godt teater og gode refleksjonar rundt praksisen, resirkulerte norske teater Thorbjørn Egner og svenske klassikarar. Men dei som trur at godt barneteater er noko dei berre driv med i Sverige, må visst tenkje om att. Endeleg!

All scenekunst er til slutt sosial

– Kva av framsyningane dykkar slo an hos barn og ungdom?

– Rami og Julie fekk god tilbakemelding frå målgruppa. Men diverre gjorde lærarstreiken at det var mindre vitjing frå målgruppa enn det vi hadde ønska. Til Rami og Julie fekk vi likevel to skuleklassar gjennom Den kulturelle skolesekken (DKS).

– Kan interesserte lærarar få nokre av framsyningane til sin skule?

– Vi formidlar gjerne kontakt mellom scenekunstnarane og skulane. Det er berre å ta kontakt, seier Haugland. Og det er ikkje berre framsyningane frå festivalen lærarar kan få informasjon om. Teaterfolka i Propellen deler gjerne kunnskap og kompetanse som dei har opparbeidd seg gjennom desse tre åra med fokus på barneteater. Dei er dessutan sjølv ei produsenteining, som kan gjere nokre av dei same tinga som DKS gjer, som er å binde skular og kunstnarar saman. Samstundes er det eit samarbeid mellom Propellen og DKS, med mellom anna eit DKS-seminar under festivalen.

– DKS vil ikkje alltid satse på produksjonar med mindre dei har sett noko av det. Samstundes får ikkje produksjonar vist seg, med mindre dei kjem seg ut til skulane. Det kan bli ein vond sirkel. Noko av det fine med Scenekunstfestivalen var at vi blei ein slags show-case for DKS. Få av framsyningane på festivalen var heilt ferdige. Så her er det framleis mulegheit for å melde seg som produsent, seier Haugland. Så om du som les dette var på prøvelesningar eller framsyningar på festivalen, og ønsker dei til skulen din; skriv ei ønskeliste som går til DKS, då vel!

Hakkebakkeskogen i skallen

– Vi er flinke med litteratur for barn i Noreg. Men når ein kjem inn i musikken eller teatret, då blir det ofte nærmare ein standardpakke, seier regissør og dramaturg Jon Tombre. Han snakkar først og fremst frå Oslo, men har gjennom tretti år jobba med teater over heile Noreg, og også i utlandet.

– Norske barn har fått Hakkebakkeskogen most i skallen fordi mor og far synest at dette var greitt. Det er difor naudsynt å ta dette på alvor. Vi må ha like store ambisjonar når vi jobbar mot barn, seier han. – Å ta barn på alvor er å ta seg sjølv på alvor. Ein kan difor ikkje sensurere ein tekst på grunnlag av at ein trur at noko er for vaksent. Det er å ikkje ta seg sjølv på alvor.

Propellen_003.jpg
Scenekunstfestivalen arrangert av Propellen teater hadde også seminar og debattar. Foto: Propellen

Det var først nesten tilfeldig at han fekk barne- og ungdomsteater rett i fanget. Men så gjekk han inn i det, og har laga eit miniproduksjonsselskap i lag med pedagog Endre Volden frå Musikk, dans og drama-linja ved Fagerlia VGS i Ålesund. Dei lar dramaelevane jobbe med etablerte skodespelarar, og lar dei prøve seg med moderne uttrykk over klassiske teaterverk. No er det av Heksejakt av Arthur Miller som blir testa av tenåringane. Det er eit mørkt stykke. Er det for mørkt – for ungdom?

– Det handlar mindre om kva ein behandlar, og meir om korleis ein behandlar det, meiner Tombre. Og den haldninga tar han også med seg inn i barneteater generelt: – Det å møte ungar, handlar om måten det skjer på. Det handlar også mykje om kva forventingar ungar har før dei blir eksponert for teateret. Ein kan vinne mykje på måten ein introduserer barn til rommet, og korleis ein tar imot dei. Helser ein på dei? Og gir ein dei drops etterpå? All scenekunst er til slutt sosial, sier Tombre.

Les Propellen Teaters egen blogg