Med mandat til å formidle

Ser du etter krim for barn eller anna som tilfredstiller din elev sitt spenningsbehov? På Norsk barnebokinstitutt finn du alle norske barnebøker som er gitt ut dei siste tre åra, og minst tre tilsette som formidlar – til formidlarar.

Ein grå gåveboks står på Solli Plass. Innanfor grå veggar er akvarellfarga bildebøker, meterhøge barnebokillustrasjonar, og eit bibliotek som har alt som blir gitt ut av norsk barnelitteratur. Der Drammensveien møter Bygdøy allé ligg Nasjonalbiblioteket, og i same bygg: Norsk barnebokinstitutt (NBI).

muleg_bannerbilde_meir_venstrestilt.jpg
Ellen Larsen og Naha Naveen i biblioteket til Norsk barnebokinstitutt i Oslo. Foto: Mette Karlsvik

– Tilgje rotet! seier Neha Naveen når eg kjem ramlande rett inn i ei utstilling om stemmerett og barn ved inngangen til NBIs del av Nasjonalbiblioteket. «Rotet» er ein liten stabel bøker på eit bord, ein liten stabel som lett kunne bli lesen som ein del av utstillinga. Utstillinga er jo om ytringar, og om mangfald av stemmar. NBI samlar og forskar på mangfaldet i norsk samtidslitteratur for ungdom. Og som mor Nasjonalbiblioteket, er NBI utstillingslokale. På andre sida av gangen er ei anna utstilling. Den drar fram ein sjanger som ikkje ofte blir sett på pidestall i Noreg: Serielitteratur for barn. Desse blir i september bytta ut med ei tyngre utstilling om grunnlovsjubileet.

Barnebiblioteket

– Bøker frå dei siste tre åra, ver så god, seier Neha Naveen. Administrasjonskonsulenten viser veg til botnen av korridoren. Der er dei siste barnebøkene samla i eit bibliotek. Naveen er på jobb også midt i fellesferien, og er strålande blid sjølv om gradestokken seier over 30 varme, og Oslobutikkane er utselde for vifter. Heldigvis vender instituttvindauga no mot aust. Mens instituttet før låg i andre enden av bygget, og under tak av glas, er det no flytta til på ein måte som gjer det svært enkelt for deg som vitjar. Du seier Hei! til vektaren ved hovudinngangen, kryssar informasjonsskranken og går gjennom kantina. Opp tre trapper, og der, i fjerde etasje, er instituttet, med ein velkomst av utstilling, ei rekke kontor, og i botnen: Biblioteket, forskningsplassar og pultar for dei som kjem og brukar bøker og menneskelege ressursar. Sjølv midt i fellesferien er Naveen der ilag med administrasjonsleiar Ellen Larsen.

– Kva skjer med bøkene som er eldre enn tre år?

– Dei går ned til biblioteket, seier Naveen. Og då meiner ho magasinet til Nasjonalbiblioteket, som forvaltar boksamlinga frå NBI. Og innanfor veggane av NBI, der jobbar tolv tilsette, i oppgåver som strekk seg frå forskning (stipendiatar), via administrasjonens mange sider, til undervisningsleiaren, og direktøren. Instituttet har også eit råd og eit styre. Styret vedtar til dømes strategiar for kvar periode. Den siste strategien er å finne på NBI sin nettstad, og fortel deg at NBI utviklar og formidlar kunnskap om litteratur for barn og unge, og vil i denne perioden særleg ha fokus på samtidslitteratur.

Omvisning og miniforedrag

NBI sitt mandat er mellom anna å formidle ny kunnskap til målgruppene – som mellom andre er lærarar – og gi undervisning som er tilgjengeleg for heile landet. Direktøren for det heile, Kristin Ørjasæter, er på ferie når eg vitjar instituttet. Men ho svarar sporenstreks på internett, frå feriestaden, når eg ber henne skildre NBI – i éi setning.

– NBI er eit undervisnings-, forsknings- og formidlingsinstitutt med barne- og ungdomslitteratur som arbeidsmateriale, seier ho, og inviterer med det lærarar og andre til å vitje lokala og sjå på utstillingane:

– Dei som avtalar tid på førehand kan få ei gratis omvisning og eit kort framlegg. Vi kallar det «studiebesøk». Vi arrangerar dessutan ei rekke opne arrangement om barne- og ungdomslitterære emne. Også her er lærarar hjarteleg velkomne, seier Ørjasæter, og viser andre måtar lærarar kan bruke NBI på:

– De er velkomne til å følgje undervisninga vår i samtidslitteratur for barn og unge. Det er tenkt som eit tilbod til dei som er i full jobb.

– Korleis kan dei gjennomføre det?

– Kurset i samtidslitteratur blir gitt som nettstudium med opptak kvar haust. Studiet går over tre semester. De må rekne det som eit studium som tar 1/3 av arbeidstida, kvart semester. Studieavgifta er 2500 kroner for kvart semester.

– Kva kan ein lære på studiet?

– Første semester er ei innføring i barne- og ungdomslitteraturen i samtida. Kva blir gitt ut, kva posisjon har barne- og ungdomslitteraturen i den litterære institusjonen? De ser på serielitteratur, lettlesbøker, småbarnslitteratur, fagbøker, bildebøker og ungdomsromanar. I det andre semesteret fordjupar de dykk i visuell og digital litteratur, og i det tredje anvendar de kunnskapen frå dei to første semestra i praksis.

– Kva med dei som ikkje har tid eller råd til eit så omfattande studium?

– Lærarar er også velkomne til kortvarige kurs, til heil- eller halvdagskurs. Det er også mot ei viss avgift. Om det er ei gruppe av eit visst omfang vil dei sjølv kunne bestille innhaldet. Vi sett også opp kurs ut frå det vi meiner er relevant ny kunnskap, som dei kan melde seg på. Følg med på nettsidene våre, eller meld dykk på nyhendebreva våre. Då kan de få fortløpande informasjon om kursa. Under rubrikken «Temasider» finst mange av dei nyaste artiklane vi har skrive. Dei er knytt direkte til arbeidet med utstillingar i lokala våre.

Norsk Barneboknistitutt på nettet

 

11. september 2014