Barn gir alltid noko tilbake

Etter ein del år som bokformidlar har eg blitt flinkare til å dumme meg ut. Det er ein god ting, skriv bibliotekar Oddmund Kårevik. Han synes at det å formidle bøker til barn er noko av det kjekkaste som finst, og har tips om barnebøker som slår an hos elevane.

Oddmund Kårevik
Oddmund Kårevik Jan Ivar Vik

Ho er den typen lærar som på underleg vis har autoritet utan å heve røysta. Om nokon er urolege, gjer ho det motsette. Ho senkar stemma. Ho snakkar med innleving. Det er klart elevane vil høyre på henne. Og denne stemma er det altså som skal introdusere meg, som bibliotekar, på skulevitjing. Ei engasjert, stille og interessert røyst. Eg kjenner meg heldig. Og velkommen. Med eit slikt utgangspunkt er sjansane store for at det blir ein vellukka og kjekk time. Ein time der eg klarar å formidle litteraturen til elevane, og der elevane er svoltne på meir. Og ikkje kan vente med å få lese akkurat den boka blant dei bøkene eg har med meg i bokkassen som klassen skal få låne.

Bokformidling og bokprat er viktige deler av det å vere barnebibliotekar. Dess lenger eg har jobba med det, dess betre kjenner eg at eg likar denne delen av arbeidet mitt.

I litteraturformidling har eg tru på å lese høgt. Eit spennande utdrag fungerer alltid. Ikkje for langt. Berre så langt at elevane blir nyfikne og vil lese meir. Bøker som ein kan finne gode og spennande utdrag i kan vere Skammarens dotter, første boka i Skammar-serien av Lene Kaaberbøl. Eller Maria Parr si bok Tonje Glimmerdal, til dømes den halsbrekkande turen på rattkjelken. Nydelege Teo i Trøbbel av Solveig Bendixen Blindheim, gjerne scenen der han klatrar opp i treet for å unngå symjinga. Eller den spennande og morosame boka Vida Vagabond blir haimat av Marita Liabø. 

Av og til når det kjem klassar på besøk, tek eg meg tid til å lese ei heil bok. Bøker som fungerer godt der, kan vere den svært underhaldande Bukkene bruse på badeland av Bjørn F. Rørvik. Eller den mystiske og humoristiske boka Gorm er en snill orm teikna og fortalt med Camilla Kuhns forunderlege forteljarstrek. Eller Hit med luene våre av Eva Lindstrøm. Den siste har eit lett og artig språk, som gjer boka veldig kjekk å lese høgt for til dømes elevar på 1. trinn.

Eit spennande utdrag fungerer alltid. Ikkje for langt. Berre så langt at elevane blir nyfikne og vil lese meir.

Av særskild gode faktabøker vil eg trekke fram alt av Erna Osland

Faktabøker er kjærkome tilfang til bokpraten. Og noko eg ser meir og meir verdien av. Dei første åra hadde eg berre med meg skjønnlitteratur i bokkassane eg hadde med meg ut til skulane. Men etter som eg har blitt meir erfaren, supplerer eg med faktabøker. Det finst eit hav av faktabøker om alle mogelege emne og av høgst varierande kvalitet. Dei norske er av betre kvalitet enn dei omsette. Av særskild gode faktabøker vil eg trekke fram alt av Erna Osland. Ho skriv innmari godt om originale tema, som ei faktabok om naser, skarpe tenner eller forholdet mellom far og barn i naturen. Det går også an å løyse rekneoppgåver frå mattefaktabøker eller stille spørsmål frå quizbøker. Det syns ungane er gøy. Eg tek også gjerne med meg populære faktabøker, til dømes bøker om Justin Bieber eller One Direction. Eg vel å ha eit liberalt syn på lesing. Eg er mest glad for at barn les. Eg er ikkje så oppteken av kva dei les.

Etterkvart som eg har hatt mange bokpratar i klasserommet, er det enkelte metodar eg ikkje brukar lenger. Eg lyg ikkje så mykje lenger. Eg lyg i alle fall minst mogeleg. Eg latar ikkje som eg har lese bøker eg ikkje har lese, for det avslører dei. Ungane er skarpe tilhøyrarar. Eg har mange bøker med meg ut til kvar klasse og eg rekk ikkje å lese alle. Men av og til held det å berre vise framsida og lese teksten bakpå.

Eg prøver også, så sant det er mogeleg, å snakka om bøker eg likar. Det er vanskeleg å formidle bøker eg beint fram syns er dårlege. Likevel veit eg at mange barn kan ha glede av dei bøkene også. Eg er ein mann på 35 år, dei er barn på 2. trinn og 5. trinn. Det er klart me har ulik smak. Så eg tek alltid med meg nokre bøker eg ikkje likar også. Men kanskje eg ikkje snakkar så mykje om dei. Kanskje eg berre viser at eg har dei med. 

Men kva er eigentleg god formidling? Er det å snakke mykje? Eller er det nesten ikkje å snakke i det heile? Dess lenger eg har jobba med dette, dess mindre klarer eg å svare skråsikkert. Eg erfarer faktisk at bøker som eg berre viser framsida på kan vekke vel så mykje interesse som dei eg ELSKAR og snakkar entusiastisk om. 

Metoden som slår alle og skårar høgast når det gjeld bokformidling, er «munn til munn-metoden». Altså ikkje førstehjelp, men bokanbefaling frå ein elev til ein annan. Om eg til dømes tek med Dav Pilkey sine bøker om Kaptein Supertruse, slår det til for fullt no om dagen. Det er alltid nokon som har lest den. Og elevane byrjar ofte le berre eg viser framsida. Dette bruker eg for alt det er verdt. Kjem det opp noko slikt i ein time, let eg alltid eleven snakka ut. Så gjentek eg det gjerne høgt for alle når eleven har snakka ferdig.

Metoden som slår alle andre er munn til munn-metoden

Etter ein del år som bokformidlar har eg blitt flinkare til å dumme meg ut. Det er ein god ting. For er det eigentleg så farleg? Der læraren har timar som ikkje går så bra, har eg som bokformidlar også timar som heller ikkje fungerer. Diverre har eg berre den timen. Men eg har lært meg at elevar på barneskulen er ein tilgivande rase. Om dei har keia seg i timen min, smiler dei og seier «ha det» til meg etterpå, likevel. Difor tør eg litt meir no. Eg prøver å tenkje som ein tennisspelar: «Eg slappar av på banen og går for skota mine.» Slik vil eg i alle fall forsøke å gjere det. Men då treng eg deg som lærar der.

Du som lærar er viktig på så mange vis. Det er du som kjenner klassen din. Det er du som er heilt trygg på namna til alle elevane. Det er du som veit kven som absolutt ikkje skal sitte saman, og kven som skal det. Og det er du som skal bruke bøkene eg har hatt med meg til klassen din etterpå, når eg har gått. Det er læraren som skal få inspirasjonen og leselysta til å gro. Som barnebibliotekar har eg kunnskap om nyare barnelitteratur og du som lærar får mykje gratis om du tek tid til å vere aktiv tilhøyrar i timen.

Av og til møter eg slike lærarar. Slike som er svoltne. Som vil ha ny bokkunnskap. Du ser liksom gneista i augekroken deira. Dei er uredde og tør å prøve nye bøker for klassen sin. Ein lærar eg kjenner, formidla Ingenting av Jane Teller til klassen sin. Dette er kan hende den viktigaste ungdomsboka som har kome ut siste ti åra. Læraren las boka for seg sjølv i ein lesetime. Og byrja grine. Framfor klassen. Og elevane som gjekk på 7.trinn blei sikkert ei blanding av både brydde og nyfikne. 

Ungane gir meg alltid noko. Om enn noko heilt anna enn eg hadde venta

Så er det dei timane eg har levande lys framfor meg. Elevar på 2. trinn. Opne bøker. Store auger. Og ei rekke lærarar bak. Ikkje like opne. Kanskje gjespar dei litt. Eg skjønar det, sånn rasjonelt. Eg veit at lærarjobben er utruleg krevjande. Og det er ikkje måte på kva oppgåver dei skal hanskast med, skjema som skal fyllas ut og foreldresamtalar som skal takast. No sit lærarane altså og skal høyre på meg. Pinn i ro. Då kan eg få ei kjensle av det eg snakkar om ikkje angår dei. Men det gjer det.

Eg var mykje meir avhengig av respons før. Og eg veit at lærarane sjølv står på scenen og gir av seg sjølv heile dagen lang, utan at nokon kjem og takkar dei for det. Så eg må sjølv vere trygg på at det eg formidlar er godt nok.

Når eg fokuserer på ungane, så gir dei meg alltid noko. Om enn noko heilt anna enn eg hadde venta. Difor er det å formidle bøker til barn noko av det kjekkaste som finst. For ungar er mykje meir fordomsfrie i val av bøker enn vaksne. Dei bryr seg katten i kva namnet på forfattaren er, om han har vunne prisar eller fått gode kritikkar i viktige avisar.

Dei er heller ikkje opptekne av sjanger slik som vaksne. Ungane les allslags bøker,difor går det an å formidle mykje. Eg kan lese dikt. For eksempel les eg for tida ofte eit dikt frå Synne Lea og Stian Hole si nydelege diktsamling Nattevakt. Og så spør eg gjerne elevane om kva eit dikt er, eller kan vere. Eg får så mange, fine og rare forslag. Som for eksempel. «Eit dikt er noko høgtideleg som ein les opp i konfirmasjonar.»

Viss eg kan vere med på å skape ein liten gneist hos ungane, då har det vore ei vellukka formidling. Og eit utgangspunkt for så mykje meir.