Blod, svette og lattertårer

– Timing er utruleg viktig for ein god formidlar, og det krev planlegging og øving, seier Elin Lindberg. Som skodespelar og kritikar har ho møtt høge krav til disiplin, men også erfart kor mykje det betyr å bli sett og respektert. Det tar ho med inn i jobben som norsklærar.

Elin Lindberg: Skodespelar, kritikar og streng norsklærar.
Elin Lindberg: Skodespelar, kritikar og streng norsklærar. Merete Granlund

– Nokre elevar seier at eg er den strengaste læraren på skulen, men det trur eg ikkje er sant! Eg ser jo litt streng ut, så eg prøvar å mjuke det opp. Eg har også fått høyre at eg er ein morsom lærar, men eg oppfordrar jo elevane til smiske … 

Elin Lindberg (51) ler og forsikrar om at ho sjølvsagt berre spøkar med elvane om smisking. Ho er lita og mørk, og kan sjå både streng og stillferdig ut, men stemma er overraskande klangfull, og plutseleg glimtar det til i augene og ein ser at det er både fantasi og temperament  der inne – som ho slepp fram når det passar slik. Eg møtte henne fordi vi begge skriv litteraturkritikk, og oppdaga snart at ho hadde ein meir fargerik bakgrunn enn dei fleste andre i det miljøet. Og ein gong såg eg eit glimt av henne i ein TV-serie – det var som å sjå ein annan person.

Bakgrunnen min har nok gjort meg ganske streng

Lindberg har jobba mykje frilans, både som skodespelar, skribent og kritikar. Men no er ho norsklærar ved Elvebakken vidaregåande skule i Oslo. Vi møttest på ein kafé like ved Akerselva ein av desse overraskande solvarme septemberdagane, for eg ville vite korleis ein som kjem frå teaterverda opplever læraryrket.

– Bakgrunnen min har nok gjort meg ganske streng, innrømmer Lindberg. I teateret må ein vere streng fordi små feil kan få store konsekvensar. Difor var også utdanninga streng: Kom du eit minutt for seint til timen, kunne du bli utestengd frå undervisninga. Det er ekstremt viktig å vere presis både til ei forestilling og i løpet av forestillinga.

Ho starta skodespelarutdanninga si i 1983 ved Grenland friteater, då også kalla Norsk lab (Norsk laboratorium for skuespillerkunst).

– Vi var både arbeidarar og kunstnarar, fortel ho, vi «forska» i teater. Det var ein eksperimentell teaterkultur der målet var å utvikle teatertradisjonen.

Øve, øve, øve!

Som utanforståande kan ein lett innbille seg at den typen teater er mest leik og moro, men når eg høyrer på Lindberg, vert eg mint på at det sjølvsagt er «blod, svette og tårer» som gjeld internt i miljøet. Det lærte eg jo eigentleg alt då eg slukte alle episodane av TV-serien Fame på 80-talet. Og Lindberg utdjupar:

– Det ligg i det heile tatt mykje disiplin bak leik og kreativitet. Timing er utruleg viktig for ein god formidlar, tenk berre på komikk! Pausar for å vektlegge noko, stemmebruk … Bak alt dette ligg det planlegging og øving. Det handlar også om ei haldning: Du må ta det du gjer på alvor. Du må utnytte tida, det må vere så presist som mulig, og du må ha trent på forhånd for å få det presist. Det er noko eg har trent mykje på som skodespelar.

Du må ikkje kjede publikum!

Dette pregar også haldninga Lindberg har til det som skjer i skulen:

– Når vi er i ei klasserom er det viktig at alle gjer sitt beste. Som norsklærar jobbar eg også hovedsaklig med å lære elevane to ting: Å lese og skrive. For å bli god til det må du gjere det mykje, og du må evaluere deg  sjølv. Eg er også oppteken av å lære elevane god stemmebruk og korleis ein brukar det muntlege språket. Dei må gjere stoffet til sitt eige slik at dei kan presentere det på ein interessant måte. Buster Keaton er ein viktig læremester: Du må ikkje kjede publikum!

Kor mykje betyr framføringa og kor mykje betyr det faglege innhaldet for ein god undervisningstime?

– Framføringa betyr alt, bra innehold kjem du ikkje langt med om du ikkje kan å formidle det. Eg er medviten på elevane som «publikum» og på at eg skal nå alle, også dei som sit og gøymer seg bak ei søyle. Det viktigaste er ikkje det du seier eller gjer, men det som skjer i møtet. Å merke deg responsen. Eg kjenner godt om eg når fram eller ikkje, og det er både bra og dårleg, for eg blir veldig sjølvbevisst. Merkar eg at det eg seier ikkje når fram, må eg prøve ein annan strategi. Ei forestilling, eller ein time, er aldri perfekt. Då evaluerer eg etterpå, kva var det som fungerte, kva fungerte ikkje, og kvifor? Kva må eg gjerne annleis neste gong?

DSC_0325.JPG
Elin Lindberg prøvar gjerne ut ulike positurar for fotografen. Foto: Merete Granlund

Læraryrket krev vel at du er like mykje systematisk som kreativ. Er det vanskeleg å få til i praksis?

– Nei, det gjeld når du jobbar med teater eller kritikk også. Du skaper noko kreativt innanfor strenge rammer av mange slag. Læraryrket har element av mange ting. Det er mykje kreativitet i formidlinga, men ramma er streng, det er nesten farleg å være for kreativ. Å vere sosial og ha god menneskekunnskap er vel så viktig. Og å ha respekt for elevane. Som det heiter i The Wall av Pink Floyd: «No dark sarcasms in the classroom». I ein annan kreativ situasjon vil ein ha større spellerom for slikt som sarkasmer, men her kjem omsynet til eleven og situasjonen du er i først.

Å improvisere i undervisninga er vel enkelt for deg?

– Ja, improvisasjon er viktig i den teaterforma eg er opplært i. Men det skjer alltid innanfor ei ramme, også for ein lærar. For å improvisere godt, må ein vere godt budd, ha ein plan B. Tenke gjennom kva vi held på med og kvifor. Ha forberedt svar på spørsmål som kan dukke opp. Du kan bruke ting i klasserommet som rekvisittar. Og om ein elev har eit innspel, så kan du integrere det i opplegget ditt. Ein må ikkje vere for fastlåst, men vere lydhør for elevane og dra dei inn.

Det er nesten farleg å være for kreativ

– Eg kjenner på «temperaturen» i rommet, kanskje må eg justere opplegget eller kaste ut ein «vekkar». Men det er ikkje så lett, for det er jo så mange i klasserommet! Då eg underviste i skodespel, var det berre 12 i klassen. No er det 33 elevar i klasserommet, og då blir det veldig krevande å gi alle den responsen dei kunne trengt. Når eg foreles er det ikkje eit problem. Men det gjeld først og fremst dei individuelle tilbakemeldingane, da blir det ofte eit minimum, det du er pålagt. Det er synd at det er sånn, det ville blitt mykje betre for den enkelt eleven om det var mindre klasser.

Tillit og fast inntekt

I løpet av dei seks åra Elin var tilknytta Grenland friteater, reiste ho mykje i Europa, oppsøkte ulike teaterpedagogar og spelte mykje teater. I 1989 var ho med på oppstarten av teaterprosjektet Polar Plexus i Nord-Norge, og seinare har ho jobba ved Nordland teater og diverse frigrupper, frå 1993 i Oslo. Ho har også undervist i teaterarbeid og spelt barneteater. I 2007 tok Lindberg mastergrad i litteraturvitskap og ho har vore teater- og litteraturkritikar i Nationen, Norsk Shakespearetidsskrift, Nordnorsk magasin og det no nedlagde tidsskriftet Marg.

Korleis var overgangen frå livet som sjølvstendig næringsdrivande til lærarjobb?

– Det var ein brutal overgang! Neida… Elin ler godt, og skyndar seg å nyansere: Det attraktive med lærarjobben er jo at den er såpass sjølvstendig. Fast arbeidstid er ikkje interessant for meg, eg er vant til å jobbe mot deadlines og levere eit produkt. Å bli møtt med tillit til at eg kan gjere jobben og tar ansvar for den, er veldig viktig. Og så er det fantastisk å få ei fast månedslønn inn på konotoen, utan at du må sende regning eller purre for å få pengane dine!

Kva har vore den største overraskinga?

– At det var så hyggeleg! At eg trivdes så godt! Det er jo massevis av hyggelege elevar, og veldig hyggelege kollegaer. Dei fleste lærarer er jo så imøtekommande og generøse, dei deler erfaringar og samarbeidar om undervisningsopplegg.

Det er ingen tvil om at Lindberg er strålande nøgd med livet som lærar. Men så er ho heller ikkje bortskjemd med verken høg løn eller mykje fritid frå frilans kulturarbeider. Ho skriv framleis kritikk ved sidan av lærerjobben.

Har du nytte av erfaringa som kritikar når du skal gi elevar tilbakemeldingar, eller er det noko heilt anna?

– Å rette stilar er ikkje så ulikt litteraturkritikk. Som kritikar brukar ein jo seg sjølv og sitt eige sanseapparat, ein må vere open. Det er eg som lærar også, eg lar meg røre av tekstane. Som kritikar er eg også vant til at det eg skriv blir lese av andre, og det har gjort meg trygg som skribent. Og så er eg oppdatert på desse fagfelta og på korleis ein skriv om teater, litteratur og kunst. Det kan eg dra inn i undervisninga.

Korleis er det å rette elevtekstar av varierande kvalitet, blir du ein lei og blasert lesar?

– Nei, det blir omtrent som når eg melder debutantar, då er eg ikkje like streng som med dei etablerte. Når eg les elevtekstar, justerar eg forventningane. Det er viktig å greie å sjå prosessen eleven er inni, og gi tilbakemeldingar som dei kan arbeide vidare med for å bli betre. Det er kjempevanskeleg å trykke på dei rette knappane for å hjelpe dei vidare. Men eg har ofte fått tilbakemeldingar sjølv, frå redaktørar og regissørar, og om du blir sett og får respekt, kan det vere kjempeflott, ein prosess som gjer at du kan vekse både fagleg og som menneske, rett og slett, avsluttar Elin Lindberg.