Jon om Jonson, presisjon, konsentrasjon

Tor Jonson. Det er kva Jon Fosse har med seg frå norsktimane på folkeskulen.

Jon Fosse har internasjonalt ry som dramatikar, men seier seg no ferdig med dramatikken.
Jon Fosse har internasjonalt ry som dramatikar, men seier seg no ferdig med dramatikken. Tom A. Kolstad, Det Norske Samlaget

Han lærte å skrive samanhengande og korrekt. Men dikting dreiv dei ikkje med på folkeskulen i Strandebarm. Dermed vart dikting noko anna, noko ekstra, noko Fosse fekk ha for seg sjølv. Den mest spelte av nolevande dramatikarar hadde NG i norsk på ungdomsskulen, og hugsar ikkje eingong kva lesebok han hadde på barneskulen.

– Men eg hugsar korleis leseboka såg ut, seier forfattaren, som sjølv, idag, er representert i leseverk med tekstar så presise at metaforar eller annan påsett litterær biletbruk er overflødig. Derimot brukar Fosse symbolsterke rekvisittar i romanar, dikt og dramatikk, som eit hus, ein båt, vind, ei fele.

Spelejenta er ein relativt kort tekst illustrert av Øyvind Torseter, og kom som bok på Samlaget i 2010. Som Fosses nest yngste dotter, speler hovudpersonen i Spelejenta hardingfele. I romanen Andvake er Asle, og far til Asle spelemenn – med fele som besteven. Fosse har alltid vore glad i musikk. Og spelar på orda sine som var dei nystramma, stemte strengar.

Spelejenta.ashx.jpg
Omslaget til barneboka Spelejenta av Jon Fosse. Illustrasjon av Øyvind Torseter.

Stengd gitar

Jon Olav Fosse vart fødd i Haugesund i 1959, vaks opp i Strandebarm i Kvam kommune, og forlot heimbygda for å studere og bli ein del av det litterære miljøet i Bergen. Han debuterte som forfattar med Raudt, svart tidleg på åttitalet, og følgde opp med den kritikarroste romanen Stengd gitar. Sidan har han hatt mykje suksess med romanar som Naustet, Melancholia I og II og Andvake. Han skriv vakre, vare barnebøker; bøker som viser stor kjærleik og auge for barns naturleg opne kunstnarsinn. Men mest merksemd har Fosse fått som dramatikar. Han var den første nordmannen til å få ein av verdas største dramatikarprisar, Ibsenprisen, og har vore nemnd som aktuell for nobelprisen i litteratur. Stilen hans blir ofte omtalt som gjentakande, rytmisk, musikalsk, mystisk. Han gjer det i romanar så vel som i lyrikk. I dramatikk så vel som i skjønnlitteratur.

Då han skreiv dramatikk, kunne han skrive berre linene – utan karakternemningar, for å mane fram denne rytma – i stykket – som heilskap. Då han skreiv dramatikk, altså.

– Er gitaren no stengd, og skrivesjappa lukka?

– Nei, eg diktar ikkje for tida. Men eg har lese mykje – svært mykje katolsk litteratur, teologi, kyrkjehistorie, Thomas Aquinas, alt mogeleg, og no seinast las eg om att Heidegger og Wittgenstein, som vart så viktige for meg då eg var ung, og eg merkar at dei framleis er viktige, at dei har prega både meg og diktinga mi mykje, seier Fosse.

Eg har mykje ugjort som prosaist

– Dette med at du ikkje skriv dramatikk, er det heilt sant? Det kan likne eit utspel som sett i gong ein diskusjon om sjangrar. Er det eit opprør mot dei tidvis rigide og konstruerte sjangernemningane frå institusjonar som Kulturrådet, forlagsbransje, bokhandlarar og teatre?

– Nei. Det kjendest for meg ut som om eg hadde skrive meg ferdig som dramatikar, innanfor den måten eg fekk til å skriva dramatikk på. Dessutan hadde eg oppnådd det eg kunne som dramatikar også i «verdsleg» tyding. Og ikkje minst – det kjennest ut som om eg har mykje ugjort som prosaist. Valet var ganske enkelt å ta for meg. 

– Synest du at dine dikt og prosa fungerer på scena? 

– Ja. Det vert oftast veldig bra, seier Fosse.

Ja, eg seier det slik – at han seier det sjølv om han skriv det. Fosse gir ikkje telefonintervju. Og for tida bur han langt unna meg. Æresbustaden Grotten blir oppgradert og restaurert. I september 2014 sitt Fosse i skrivestova øvst i ei hytte på ei høgd over Dingja; Dingjabygda, Dingjafjorden, og vidare – over heile Gulen. Inngangsporten til Ludvig Wittgensteins sognefjordskjærleik Skjolden. Der har Wittgenstein blitt fri til å skrive. Fosse kjenner seg fri i høgda av hytta. Han kjenner seg fri frå å skrive det som er tungt for han å skrive. Skrifta som det ligg så mykje forventning frå han i.

Dramatikken, endåtil poesien og «dei langsomme romanane» har spaltistar, kritikarar, kulturjournalistar gjort til potensiell dramatikk. Det er liksom ikkje lov for Fosse å forlate scenen. Sjølvdefinert ferdig med det. Skrivande bløming over, er det haust for skrivinga? Eller er det ikkje slik at dramatikk er poesi framførd ståande, som definert av den spanske diktaren Gabriel Lorca?

– Lorca seier, slik eg har gått rundt og hugsa på sitatet, at «a play is a poem standing up». Det er framleis den beste definisjon av eit stykke, av eit godt stykke, eg kjenner til. Og det er sant. Men det er likevel ikkje heile sanninga – eit stutt imagistisk dikt kan ha eit heilt stykke i seg, det er sant, men for å verta eit stykke må biletet så å seia falda seg ut, bli romleg. Og i denne utvidinga må det oppstå motsetnader som gjev ein eller annan dynamikk til bildet. Gjer at det ikkje vert stilleben, men dramatisk utvikling.

Poesi er per definisjon umogeleg å definera

– Men kva meiner Lorca då med «poesi»?

– Poesi er per definisjon umogeleg å definera. Det er som med tida – ein veit kva det er, men det er nesten umogeleg å seia kva det er, som Augustin seier. Men det er berre å lesa dikta til Lorca, på originalspråket, eller i ei god attdikting, så får ein vita kva poesi er. Men dei er så presist musikalske at poesien lett lèt seg fjerna, og dermed har eg vel påpeikt eitt særkjenne ved Lorcas poesi, og ved poesi ålment: musikaliteten. Ja, i linjefallet, men òg i motivvalet, i korleis gitaren kling med i så mange av dikta, og det ikkje berre som motiv, seier Fosse.

jon_fosse_(c)_utsikt_frå_Dingja-hytta.jpg
Utsikt frå Dingja-hytta i Skjolden, kor Jon Fosse ofte skriv. Foto: Mette Karlsvik

Viktig då han var ung

Som student i Bergen stifta Fosse familie og skreiv smale romanar – slike som dekte fleire tydningar av ordet «smalt». Han dreiv tidsskriftet Bøk ilag med Einar Økland, las austerikske filosofar som Wittgenstein og Heidegger, og kjente det som at han skreiv prosa på liknande vis som filosofane skreiv akademiske tekstar. Fosse la til noko ekstra, gjorde skjønnlitteraturen til noko anna. Han skreiv fram den der musikken og mystikken, det ekstra, og var der lenge, over fleire tiår.

– Du skriv fram rytme og musikalitet i tekstane dine. Dramastykke som musikkstykke. Er det ein harmoniserande metode? 

– Musikk utan motstand, motsetnader, er umogeleg. Og det disharmoniske har høyrt musikken til i all tid. Høyr på hardingfela. Eller på den klassiske musikken i alle fall frå seint i romantikken. På sitt beste er det heilt presis disharmoni! Assonans utan dissonas er umogeleg.

– Du har sagt at du konsentrerer deg voldsomt når du skriv. Gjeld det berre når du skriv skjønnlitteratur med musikalske kvalitetar, eller også når du skriv prosa, altså prosaisk, som i det som er nærmare essayet?

– Konsentrasjon krevst det uansett. Og konsentrasjon i seg sjølv er ikkje slitsamt. All skriving krev konsentrasjon, men essayistisk skriving er konsentrasjon på ein annan måte enn den forsvinnande konsentrasjonen diktinga krev, seier Fosse.

Han legg til: – Konsentrasjonen er vel den same kva ein skriv. Men når eg diktar går konsentrasjonen inn i den verd eg diktar opp, så å seia (og då vert eg meir eller mindre fråkopla den vanlege verda). Av og til gjev skrivinga seg sjølv, skriv seg sjølv, og av og til er den eit slit.

– Kva er det med skriving som treng konsentrasjon?

– Ganske enkelt presisjonen. Det å skriva godt krev ein enorm presisjon. Og det var difor eg ikkje kunne skriva etter at eg hadde drukke, sjølv i den tid eg drakk mykje. Evna til å skriva presist vart redusert.

Den harmoniske konflikten

Jon Fosse var alkoholikar, som seier at han aldri drakk før klokka fem. Men frå fem: Strengt drikkande konsentrert alkohol, ofte rein sprit. Han var ein flink alkoholikar. Han var ein flink student, som styrde familie, arbeid og forfattarskap på same tid. Og mimrar gjerne om studietida til journalistar. Den har eg lese mykje om. No blir han 55 år, Fosse. Han har slutta å drikke, slutta å skrive dramatikk, slutta å dikte, og les ikkje det som har vore skrive om han i media. Han har konvertert til katolisismen, gifta seg med den over tjue år yngre Anna, og flytta til Wien, til Grotten, til Frekhaug. Og han ser lenger attover; forbi studietida i Bergen, og heilt heim til Strandebarm og barndommen. 

Han var ein flink alkoholikar

Jon Fosse veks opp i ei bygd der bedehuset står sentralt. Samlingar i sirkel, stille sitt sambygdingane - med hovuda bøygde over falda hender. Djup konsentrasjon over eitkvart. Kallar det bøn, kanskje Gud. Var det der han vart fødd, den konsentrerte, dedikerte. Er det konsentrerte eit grunnlag i han, har det vore der frå barndommen av. Ein spansk regissør spurde Fosse, i ein dokumentarfilm, kva konsentrasjonen var. Og ho svarte for han, før han sjølv kom til orde: Smertefull, sa ho. Fosse nikka, samtykte. Han har nemnt at han blir utslitt av å skrive. Likevel har han skrive så mykje, så mykje. Mykje i kvantitet og kvalitet. Kor kjem det frå?

– Kan vi takke norsklærarar eller norsktimar frå folkeskulen at du blei forfattar?

– Nei. Eller kanskje. Dei plaga meg i alle fall ikkje med såkalla skriving i skulen, vi skulle skriva «stil», og det vi då skulle læra var å skriva forståeleg, samanhengane og korrekt. Det var bra slik. På det viset fekk eg ha diktinga for meg sjølv – som noko anna, som det motsette, av skulen.

– Kva hugsar du frå norskundervisninga?

– Frå ungdomsskulen hugsar eg fyrst og sist dikta til Tor Jonson, som vi altså må ha lese. Eg hugsar at eg lånte og las hans Dikt i samling etterpå, seier Fosse.

Han var ein flink norskelev på vidaregåande, og fekk femmarar frå norsklektoren. At han fekk Noko godt, den nest lågaste karakteren frå ungdomsskulelæraren, gjorde at Fosse merka seg eigne prestasjonar i norsk på gymnaset:

– Det var ei stor overrasking for meg at eg bums hoppa opp til 5 og låg deromkring heile tida på gymnaset. Eg må vedgå at eg seinare har tolka det som om at eg på ungdomsskulen hadde ein seminarist til lærar, på gymnaset ein lektor.

Diktaren Tor Jonson fekk han også med seg til gymnaset. Kva var det ved han som sette spor i Fosse? Her er om diktet «Ordet» frå Dikt i samling,1956.

ORDET

Kva hjelp det å syngje
som elv i det aude?
Kva hjelp det å kyngje
med klokker for daude?

Kva hjelp det å skapa
all venleik i verda,
når Ordet lyt tapa
for svolten og sverda?

Slik undrast og spør vi
i modlause stunder.
Men hugse det bør vi:
Eit ord er eit under.

Dei gløymest dei gjæve,
og alt det dei gjorde.
Men livet er æve.
Og evig er Ordet.