Tekstarkeologen

Aina Basso trur på romanen som formidlar av faktisk historie. Men ungdommar treng ein vegleiar gjennom denne og liknande hybridsjangrar.

Aina Basso har skrevet en rekke historiske romaner.
Aina Basso har skrevet en rekke historiske romaner. Mette Karlsvik

For ei tid sidan fekk eg ein e-post frå «Osloombudet», eit nyhendebrev med lenke til Oslo byråd nedst, og tittelen «Jo Nesbø på Ila hybelhus: Problematisk skille mellom diktning og virkelighet». Ombudet anklagar Nesbø for å skrive for godt til å vere sant. «I boka blir Ila skildra på ein måte som gjer at ein skjønner at Nesbø har vore der», skriv ombudet. Nesbø var der visst berre ei natt før han skreiv romanen. 

Men så latar heller ikkje Nesbø som om det er historiske romanar han skriv. Historiske romanar er når forfattaren nyttar seg av den litterære verktøykassa for å formidle det faktiske stoffet. Når Thorvald Steens kjelder ikkje kan fortelje meir om Snorre Sturlasson eller Sigurd Jordsalfare, då tar forfattaren til empatien. Han fyller historiehola med det som er sannsynleg. At Jon Michelets bøker om krigsseilarane var øvst på bestselgjarlistene i nesten to år, viser at lesarar liker godt formidla, faktisk historie.

Kjartan Fløgstad dramatiserer og fargelegg historia om Grense Jacobselv. Men då Fløgstad ikkje oppgav til kjeldene som han hentar faktastoffet om Grense Jacobselv frå, endte historieformidlinga i ein samtale om etikk. Må også den historiske romanforfattaren bruke eit noteapparat for å kredittere kjeldene sine? Nei, sa Fløgstad, som meiner at oppgåva hans først og framst er å fortelje ei god historie – på mest muleg effektiv måte.

Då Dag Solstad tok ein meir prosaisk vending, med ei nesten arkivarisk ramsing av slektshistorie i Det uoppløselige element i Telmark i perioden 1591 til 1896, vart også det slakta.

Bråk kan det også blir om forteljinga er for saftig og fengande. Røynda er full av sterke historier! Det finnst historiar så dramatiske at dei ikkje treng vidare dramatisering, og dei som er så fargerike at dei ikkje treng fargelegging. Det finnst også tema som kunstnarar av etiske grunnar blir frårådde å dramatisere vidare. Sterke historier kan bli for sterke. Eit døme på diskurs rundt dette, er kunst basert på hendingane rundt 22. juli. In cold blood av Truman Capote skildrar ei sterk – og faktisk – historie på ein sterk måte. Så sterkt at det i foredrag i journalistikk ved Universitetet i Bergen vart spurd om ikkje boka skulle hatt merkelapp fiksjon, ikkje non-fiction.

Historikar og forfattar

Forfattaren Aina Basso (f. 1979) er utdanna historikar, og har vore medviten verkemidla sine. Forfattaren brukte dei  forsiktig først. Med den fjerde historiske romanen sin, Finne ly, har ho blitt meir modig. Men så er den også for eit meir vaksent publikum enn ungdomsromanane hennar.

– Eg trur ikkje ungdommar alltid skjønnar sjangeren. Alle skiljer ikkje godt mellom historie og skjønnlitteratur. Dei trur på det dei les.

Sjølv vil historikaren Basso vere så etterretteleg og så fagleg sterk at romanane hennar kan bli trudd. At dei nesten kan bli leste som sakprosa. Men:

– For å sitere Fløgstad: Det er romanar.

Aina Basso er frå Giske på Sunnmøre, tok vidaregåande i Ålesund, og utdanna seg til historikar ved NTNU i Trondheim. No er ho forfattar på heiltid, frå heimekontor på Torshov. Vegen frå Giske til forfattarliv på Torshov, forklarar ho slik:

– Eg ville bli noko spennande, og såg meg om etter kule fag. Det var då eg gjekk musikklinja på VGS, dette, seier Basso, som var vokalist i eit band på skulen.

– Eg ville lære meg å spele strupesang. Så byrja eg å tenkje i retning av det historiske. Eg kom i tankar av arkeologi, og snakka med nokon som hadde studert arkeologi før. Dei meinte at det var rett å ta historie. Men eg lærte også at ryggen får svi mykje når ein er i felten, som arkeolog.

Det kan sitje elevar i rommet som har opplevd valdtekt sjølv.

Stoffet frå hovudfagsoppgåva hennar blei ungdomsromanen Ingen må vite, og kom i 2008. Alle fire bøkene hennar er basert på historiske dokument. Den første boka har handlinga si sett i ei norsk kystbygd, og handlar om overgrep. Det handlar også om det å bli med barn som følgje av dette, og prosessen, i samfunnet, etterpå. Forlaget sette «ungdomsbok» som sjanger. Men ho kan like gjerne bli lest av vaksne, som av ungdom.

– Du skildrar overgrep. Stilen din er nøktern. For meg gjer den sagaaktige forteljarstilen historia særleg sterk. Er det greitt, for ungdommar?

– Eg er alltid forsiktig når eg sjølv er i skulane med Ingen må vite. Eg kjenner alltid på det at det kan sitje elevar i rommet som har opplevd valdtekt sjølv. Men eg trur at det kan vere litt lettare med den boka fordi det er så langt attende. På den måten kan det vere ein grei inngang til det å snakke om overgrep. Dette er ting som jenter opplever i andre land enn Noreg. Dei blir dømte for å bli valdtekne og gravide utanfor ekteskapet.

Hekseprosessar og romanifolk

Fange 59. Taterpige er sett i 1750, og er om ei romanijente som må vere i tukthus. Denne boka er meldt på som vaksenlitteratur, men kan også ha verdi som lesnad for ungdom.

Inn i elden går heilt attende til 1600-talet, til Finnmark, og til hekseprosessane som der skjedde. Boka er meldt på som ungdomsbok, men er ei sterk skildring av overgrep. Boka vart nominert til Nordisk Råds Litteraturpris i kategori Barne - og ungdomsbøker.

Inn i elden fungerer på ungdomsskulen. Men eg brukar den også ein del på vidaregåande skule. Eg opplever at elevar er opptekne av hekseprosessar. Kvinnesyn er viktige. Offer-omgrepet blir ofte tatt opp, i samtalen om boka. Hekseprosessen var noe dei trudde på både hos dei lærde og hos allmuen.

– Korleis vel og finn du tema dine?

– Eg skriv først og framst det eg har lyst til å skrive. Det byrjar gjerne med at eg kan eit stoff, eller kjem over eit stoff. Eg researchar meir derfrå.

Basso har vore mykje på skulebesøk med desse bøkene. Då blir ho ofte invitert til åttande klasse. Det er ofte i ei blanding av norsk og historietimar.

– Kva pleier elevane å bli interesserte i?

– Det pleier å vere ei blanding av at eg fortel om den historiske bakgrunnen, og litt om innhaldet og korleis eg har tenkt. Og så litt om kvifor eg har valt tema mine. Vi snakkar også om korleis ein bygger opp ei historie, og eg gir dei tips til sine eigne tekstar.

Historie?

– Fungerer dine bøker som fagbøker?

– Det er romanar. Men eg prøver å skrive historisk korrekt. Det grunnleggande skal vere på plass. Det gjeld på det meste. Men eg har ikkje levd på den tida. Alle kan gå glipp av små detaljar. Ein kan gløyme å sjekke kva bestikk som blir brukt, og så vidare. Men ein har nokre stader og måtar å gjere rede for metodar og produktet.

– Kva kjelder bruker du?

– Eg har sparsomme kjelder. Men fordelen min er at eg har studert historie. Eg les mykje forskning som er gjort på tema og tida. Eg les mykje ulike bøker om alt frå byggeskikk til kaffiens historie: Alt som kan vere relevant. Bøker om klesdrakt, litteratur om den tida, og frå den tida.

– Har du opplevd at historikarar og forfattarar står mot kvarandre?

– Eg har inntrykk av at nokre historikarar les meg, men eg har ikkje hatt nokon store problemsaker med nokon av dei. Men det kan vere umuleg for meg å oppdage det. For meg er det ikkje ei konflikt. Men det er fordi eg er historikar sjølv.

Når forfattaren vinn, blir prosaen meir rein.

Forfattaren Basso kan instistere på den kunstnariske fridomen til å skape eit godt verk; ein roman som formidlar optimalt. Historikaren Basso kan klage på forfattaren som ikkje er etterretteleg nok i høve historiske fakta. Kven av dei er ho mest?

– Eg måtte gå inn i meg sjølv. Eg spurde: Skal historikaren vinne, eller skal romanforfattaren vinne? Når forfattaren vinn, blir prosaen meir rein. Det skjønnlitterære er ein stor ressurs.

– Du er ein kvalifisert lesar av historiske romanar, som les med alle desse perspektiva klart for deg. Men kva med ein yngre lesar, med ein som ikkje er sjangermedviten på den måten, og kanskje ikkje tenkjer på sklijet mellom disiplinane: Er det heilt greitt å gi dei ei slik hybridbok?

– Eg trur at ungdomsskule - og VGS-elevar ofte trur på det dei leser. Men det vi kan lære dei er at dei skal sjekke ting. Vi kan kan lære dei kjeldekritikk.

– Skal lærarar ta elevar i handa?

– Eg synest at dei skal gjere eit poeng ut av det tverrfaglege med slike verk. Korleis var eigentleg den tida? Snakka folk på den måten som er skildra i boka? Kva er det eigentleg muleg å vite om folk på den tida? Det er eit godt utgangspunkt for dialog.

Ein viktig lærar

Basso fortel, tilslutt, om ein lærar som har vore viktig for henne som forfattar. Marit Kaldhol var norsklæraren hennar på vidaregåande. Basso likte Kaldhol særleg godt.

– Eg ser henne føre meg sto framfor der, på kateteret. Ho gav meg ein kombinasjon av klapp på skuldra og motstand. Eg hadde hatt lærarar som berre gav meg beste karakter. Samtidig var ho oppmuntrande i forhold til at eg skulle skrive.

– Kaldhol er forfattar. Kor viktig var det, for deg som skrivande?

– Eg hadde lese Farvel Rune, men er ikkje sikker på om eg visste då at det var henne. Eg hugsar at eg las dikt av henne. Men mest av alt fekk ho meg til å lese ting på ein ny måte. Eg likte veldig godt timane med henne. Eg hugsar at vi las Fuglane. Det var ei kjempestor leseoppleving. Eg fekk kritikk og utvikla meg då. Ho var viktig for meg.

Kaldhol oppmoda Basso om å melde seg på Samlagets manusseminar. Basso var berre 17 då ho leverte tekst til Samlaget, og byrja ein forlagskontakt.

– Marit var ein slags privat skrivementor etter det, seier Basso. Kaldhol las korte utdrag, og hjalp Basso til å skjønne prosjektet sitt. Basso fekk plass på sommarskrivekurs ved Skrivekunstakademiet i Bergen, og kom vidare. Men noko mangla likevel:

– Eg skreiv mykje, men hadde ikkje noko å skrive om. Det var først då eg hadde utdanninga mi som historikar at eg fekk stoffet mitt. Marit sa: «Kanskje du skal skrive om noko av det som du har studert, og bearbeide dette til ein roman.»

Bassos eiga historie fortsett altså med den fjerde boka som er utkomen no. Basso er då attende til romanifolket. Men no er ho nærmare sin eigen tid. Staden er Finnskogen, eit område med bygder som blir stressa då fleire og fleire reisande kjem, og blir for ei stund.

– Eg ville sjå på kva framandfrykt og fordommar gjer med folk.

– Er boka ein allegori på det som skjer i dag?

–Eg er ikkje heilt likegyldig til det som skjer i dag. Men det er ikkje fordi eg vil seie noko om vår eigen tid at eg skriv denne boka. Det er berre umuleg at det ikkje blir parallellar.