Tekstil med trøkk

Ein vott er ikkje ein vott er ikkje ein vott. Det viser tekstilkunstnar Tora Endestad Bjørkheim.

Tora Endestad Bjørkheim
Tora Endestad Bjørkheim

– Tekstilkunst? Du meiner sånn vottestrikking?

Då Tora Endestad Bjørkheim byrja på Kunst - og håndtverksskulen i Bergen, blei ho utdanna på så mange vis. Stereotypar vart sett fram, så avkledd. Som den at tekstilkunst berre er strikking og toving. Som at kunststudentar jobba meir konseptuelt enn kunsthandverkarane. At det var eit skilje og ulikskap i status, var sikkert. Men kven som eigentleg brydde seg om kategoriseringa og båssetjinga, var meir ullent. Då Bjørkheim kom så langt som til mastergraden, vart ho og dei andre kunsthandverkelevane uansett sett i same klasse som dei som dreiv såkalla kunst, som i «Fine arts»:

– Eg seier ikkje at eg er kunstnar eller kunsthandverkar. Eg berre lagar ting, seier Bjørkheim. Og blir så arbeidsglad av fridomen i «tekstilforming» at ho nesten ikkje klarar å slutte å arbeide:

Frå tekstilforming til mastergrad

Bjørkheim (f. 1986) tok handverksfag på høgskulen i Volda, bachelor i tekstil ved KHiB, master i kunst i Bergen. Ho er opphaveleg frå Måløy i Nordfjord, har budd der og i Hønefoss, og er no lykkeleg med å bu i Bergen. Ein by der kunstmiljøet for nokre tiår sidan var relativt smått. Ein slags kunsthovudstad har det blitt, der poesibølgje har tatt over for musikkbølgje, og der koplinga mellom kunst og handverk og finare kunstartar gir ein generasjon av svært vellykka kunstnarar. Dei som byrjar med å studere handverk kan ha eit forsprang teknisk sett. Dei som byrjar på Kunstakademiet kan ha eit forsprang med den konseptuelle og idémessige tankemåten.

Eg elskar jo å jobbe. Eg har alltid lyst til å gjere meir.

Bjørkheim har allereie vist at ho beherskar begge sider av kunstnarvirket. Ho var berre ved byrjinga av bachelorgraden då ho laga ein broderi-biografi i I embroider my own reality. I 2010 lar ho Google møte lin i det digitale broderiverket Google Research. Ho viser at ein kan forme tekstil til så mykje. Ikkje minst til bokstavar – som ho gjer i det siste verket, eit tekstverk. Arbeidsgleda hennar smittar. Kurator Espen Johannessen er ein av hennar fans, og har bestilt eit verk av henne for eit duoshow på Galleri Entrée i november. Bjørkheim er nesten ferdig med verket.

Eg møter henne på halvvegen til atelieet ved Puddefjorden. Turen frå Skansen og ned til byen har gjort henne usikker på om det blir tur til atelieet i dag. Det bles kraftig. Og turen over Puddefjordsbrua kan vere tøff. Men likevel tar ho den så ofte ho orkar.

– Eg elskar jo å jobbe. Eg har alltid lyst til å gjere meir, seier ho, som ikkje eingong kunne legge frå seg mastergradsarbeidet før det blei til stilt ut ved Bergen Kunsthall i 2013.

An English pearl

Bjørkheim har no jobba vidare med nettopp perler. Ho har brukt enkle perler, slike som ein kan kjøpe på Panduro, men som ho av økonomiske grunnar får sendt over frå England. England, landet av ornamentikk og pynt! For sjølv om ho er handverkskvinne, sjølv om den verkelege interessa til Bjørkheim ligg i repeterande teknikkar og handverk som veving, knyting og hekling, så er altså konsepta langt framme i hugen hennar: Dekorasjon er eitt av desse tankepunkta som arbeidet hennar dreier seg rundt. Dekorasjon blir paradoksalt i Toras tankar:

– Dekorasjon er ein parasitt. Dekorasjon bygger på noko anna. Utan det andre, så finst ikkje dekorasjon.

Korleis viser dette i dine arbeid?

– Det er noko overfladisk over det heile. Perlene mine er ikkje spesiallaga, og er i utgangspunktet ganske billege i materialet. Men arbeidet som eg legg ned gir det ferdige verket likevel ei ekslusiv kjensle for meg.

 

proposal_av_bjørkheim_copy-bjarte_bjørkum.jpg
«Proposal» av Tora Endestad Bjørkheim. Foto: Bjarte Bjørkum

Bjørkheim vil gjerne over brua, til atelieret i dag, vil gjerne ferdigstille arbeidet for Entrée. Det er berre denne vinden, den som kjem rett opp fjorden og inn frå sida, og som kan velte ein kropp over ende. Det gjeld sjølv ein kropp med sterke fingrar; fingrar som no over tid har knytt perler til snorer, til ei form for «bru»; ei dør av perlar, eit arbeid som vil henge mellom visningsrommet og tekjøkkenet på Entré. Små, svarte perler henger i tette trådar, til ein mørk perleport til bakrommet.

Verket blir ein overgong mellom kunstrommet og det heimlege og praktiske rommet. Eit verk i skjæringspunktet kunst, kunsthandtverk, funksjon og meta-arbeid: Dette nye verket kommenterer gallerisituasjonen, og det samhandlar med publikum. Publikum må interagere med perlene. For på galleri Entrée pleier alle til slutt å ende opp der bak, på tekjøkkenet, det som har chips, kjøleskåp, pinnestolar og ei meir avslappa stemning.

Tida skulle vere forbi for at tekstilkunst vert assosiert med vottetoving.

Det sosiale rommet, det å skape rom for møte og samtale, det er noko som dukkar opp i galleri over heile verda for tida. Kva er eit galleri mot eit vanleg, offentleg rom. Kva skjer når kunst blir tatt til offentlege rom, og andre vegen: Når bruksgjenstandar blir stilt ut som kunst. Og var det ikkje Gertrude Stein som hevda at ein ikkje treng spørreteikn om ein uttrykker seg presist. Det var iallfall Stein som skreiv «A rose is a rose is a rose». Eit pissoir er ikkje eit pissoir når det står i eit galleri. Og tida skulle vere forbi for at tekstilkunst vert assosiert med vottetoving. Og det sjølv om teknikken hennar er tradisjonell og heilt streit:

– Eg er forsåvidt heilt einig, men noko av det som også interesserer meg er dette er om pissoaret faktisk kunne vore eit funksjonelt pissoar i eit galleri? Kan det ikkje vere funksjonelt samstundes som det står utstilt?

 

bjørheim_proposal_c_bjarte_bjørkum.jpg
«Proposal» (detalj) av Tora Endestad Bjørkheim. Foto: Bjarte Bjørkum

Du nemner at kunststudentar var ansett meir konseptuelle enn handverks- og designstudentar. Gjeld det også andre vegen – at handverksstudentar var ansett flinkare, teknisk sett, enn kunststudentane?

– Sidan vi har delt master, er det i bunn og grunn ingen forskjell. Arbeidet mitt kan vere både kunst og handverk. Slik kan dei også unnlate å vere ein av delane, seier Tora, som ikkje er i direkte opprøyr mot kategoriar og båssetjing. Men den som vandrar inn og ut mellom perlene hennar på Entré, kan få kjenne noko av haldninga hennar på kroppen.

Ospelauv-zen

Store lauv blir rive av svære bergenstre. Sørvest kuling frigjer dei; raude og gule, mot ein grå himmel. Naturbitar, mellom opprivne paraplyar og ein og annan plastpose. Men jau, Bjørkheim skal til atelieet, som ligg i det eine, gamle huset som står att på Damsgård. Ho deler området med fine artists. Men heller ikkje dei bruker slike termar. Dei kjempar dei same kampane, som er med og mot motivasjonen, materialet, økonomien.

– Kva er arbeid? Det å gjere eit godt arbeid for å gjere eit godt arbeid. Det gir ei god kjensle, det å gjere arbeidet sitt godt.

Ei maskin kunne kanskje ha knytt perlane for Tora. Men:

– Det er eit poeng for meg å gjere det sjølv. Eg kan det så godt. Det blir på eit vis automatisert i meg. Eg kan konsentrere meg om noko anna. Det er vel litt som meditasjon.